Karmiel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°54′49.38″N 35°17′45.92″E
Karmiel
כַּרְמִיאֵל, Karmi'el
by
Park Galil.jpg
Våpenskjold
Namneopphav: Guds vindruer
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°54′49.38″N 35°17′45.92″E
Areal 19,188 km²
Folketal 44 868 (2012) [1]
Folketettleik 2 338 / km²
Grunnlagd 1964
 - Bystatus 1986
Borgarmeister Adi Eldar
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Karmiel

Karmiel (hebraisk כַּרְמִיאֵל) er ein by i nordlege Israel. Han vart grunnlagd i 1964 som ein utviklingsby og ligg i Beit HaKerem-dalen, som deler det øvre og nedre Galilea. Byen ligg sør for Akko-Safed-vegen, 32 km frå Safed, 20 km frå Ma'alot-Tarshiha og 20 km frå Akko. I 2012 hadde Karmiel 44 868 innbyggjarar.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Galil-kvarteret.
Karmiel

I 1956 vart kring 5,1 kvadratkilometer land kjøpt i dei israelsk-arabiske landsbyane Deir al-Asad, Bi'ina og Nahf, som fekk status som «stengde område» av israelske styresmakter. Dette området, nær hovudvegen mellom Akko og Safed, hadde vore eit viktig marmorbrot. I 1961 ekspropriert israelske styresmakter landområde for å byggje Karmiel. Innbyggjarane fekk tilbod om «tilsvarande god jord» i området ,men då Moshe Sneh (Maki) og Yusef Khamis (Mapam) førte saka for Knesset på vegner av landsbybuarane, stadfesta Knesset at slik jord ikkje fanst.[2] I følgje Haredi-avisa She'arim, vart kring 10 kvadratkilometer (394 teigar) konfiskert etter ein rettsordre den 4. mars 1963, etter krav frå Israelsk utviklingstilsyn.[treng kjelde] Landområdet vart steinete, folketomt og kunne ikkje nyttast til jordbruk.[3] I 1964, då lokale arbarar søkte om løyve til å flytte inn i byen, svarte bustadministeren Yosef Almogi at «Karmiel vart ikkje bygd for å løyse problema til folket i det kringliggande området.»[4] I februar 1965 marsjerte 400 demonstrantar frå Tel Aviv for å protestere mot «diskriminering av ei gruppe av våre borgarar». REpresentantar møtte opp ved den lokale politistasjonen og informerte politiet om at dei heldt seg i området utan løyve. Leiarane for gruppa vart arresterte og stilt for ein militær domstol.[5]

Karmiel var ein av dei første byane i Israel som vart grunnlagd etter ein større byplan. Han vart bygd som ein del av Sentral-Galilea utvilingsprosjekt. Arbeidet byrja i 1963 og den offisielle opningssermonien fann stad i 1964.[6] Dei første 16 familiane flytta inn på den tida. Eit anbod for bygging av hovudvegane i Karmiel kom i 1963, og Mekorot bygd eit vassrøyrnettverk som knytte saman Karmiel, Rameh, Sha'ab og andre nærliggande landsbyar.[7]

I 1981 fekk Karmiel Beautiful Israel-prisen og Kaplan-prisen. Karmiel fekk bystatus den 20. november 1986. Den første borgarmeisteren var Baruch Venger, etterfølgd av Adi Eldar, som har hatt stillinga fram til i dag. Kring 18 000 nye emigrantar har slått seg ned i Karmiel mellom 1990 og 2002.

Under den andre Libanonkrigen i 2006, avfyrte Hizbollah 180 Katyusha-rakettar mot Karmiel og nabolandsbyane, noko som førte til tap av menneskeliv og øydelagte bygningar, vegar og køyretøy.[8]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 7. oktober 2014. 
  2. Knesset debate, 31 Jan. 1962, s. 1126-30, sitert i Jiryis
  3. «Removal Order for 10 000 Dunams Required to Construct Karmiel Given». She'arim. 5. mars 1963.  (he)
  4. Knesset, 2. des. 1964, s. 486, sitert i Jiryis
  5. Maariv, 14 Feb., 1965, sitert i Jiryis
  6. Encyclopedia Judaica, Keter Publishing, Jerusalem, 1978, Vol. 10, s. 799
  7. «Planning of Karmiel Completed». Haaretz. 6. februar 1963. 
  8. «The den andre Libanonkrigen (2006)». Israelsk utanriksdepartement. 12. juli 2008. Arkivert frå originalen den 2013-02-15. Henta 13. oktober 2014. 
  9. «New sister city». Pittsburgh Post-Gazette. May 23, 2006. Henta 13. oktober 2014. 
  10. «Karmiel, Israel — Overview». Denver Sister Cities International. Henta 24. august 2012. 
  11. «Metz en visite à Karmiel». City of Metz. 17. august 2009. Henta 13. oktober 2014. 
  12. «Må styrke Hamars internasjonale vennskap». hamar-dagblad.no. 13. oktober 2014. Henta 13. oktober 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]