Yusuf Saad Kamel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yusuf Saad Kamel


Statsborgarskap Kenya, Bahrain
Fødd 29. mars 1983 (41 år)
Narok
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Asialeikene 2006, Asialekene 2010

Yusuf Saad Kamel, opphavleg Gregory Konchellah, (fødd 29. mars 1983) er ein kenyansk tidlegare friidrettsutøvar som representerte Bahrain. Han vart i 2009 verdsmeister på 1500 meter.

Konchellah vart statsborgar av Bahrain i november 2003. Han deltok på 800 meter i Sommar-OL 2004, men rauk ut i forsøket. Berre veker etterpå triumferte han på distansen med 1.45,91 ved IAAF-finalen i Monaco. I 2005 nådde han semifinalen på 800 meter ved Friidretts-VM i Helsinki. Under dei olympiske leikane 2008 i Beijing vart han nummer fem på 800 meter.

Ved verdsmeisterskapen i Berlin i 2009 overraska han med å vinne gullmedaljen på 1500 meter. Etter eit løp i heller roleg tempo, kom hans spurtstyrke til sin rett og han sigra på tida 3.35,93. Fire dagar seinare tok han bronsemedaljen på 800 meter med 1.45,35, slått av Mbulaeni Mulaudzi og Alfred Yego.

Den 29. juli 2008 gjorde Kamel sitt livs beste løp då han i Monaco vart andremann på tida 1.42,79. Eitt år seinare på same bana sprang han livsbeste 3.31,5 på 1500 meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]