Alfred Yego

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alfred Yego
Alfred Yego Daegu 2011.jpg
Statsborgarskap Kenya
Fødd 28. november 1986
Eldoret
Idrett friidrett
Yrke mellomdistanseløper, friidrettsutøvar

Alfred Kirwa Yego (fødd 28. november 1986) er ein kenyansk tidlegare friidrettsutøvar frå Eldoret som i 2007 vart verdsmeister på 800 meter og vann OL-bronse 2008 og VM-sølv 2009 på same distansen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Yego vart nummer tre på 800 m i afrikameisterskapen 2006 på Mauritius. Året etter vann han distansen under verdsmeisterskapen i Osaka, der han etter eit regelrett «lureløp» sikra seg gullmedaljen 0,01 sekund framom Gary Reed frå Storbritannia, med alle dei andre finalistane innafor eit halvt sekund bak. I dei olympiske sommarleikane 2008 tok Yego bronsemedaljen på 800 m, 0,12 og 0,17 sekund bak gull- og sølvvinnarane. Nokre veker etter OL spurta han inn til siger i IAAF-finalen på svake 1.49,05.

Nett som i forrige VM vart 800-meteren i Berlin 2009 avslutta med ein forrykande spurt der det stod om hundredelar, ja tusendelar i medaljestriden. Sørafrikanaren Mbulaeni Mulaudzi sikra seg gullmedaljen med 1.45,29, medan Yego og Yusuf Saad Kamel, kenyanar som representerte Bahrain, fekk same tid 1.45,35, men der Yego vart tildelt sølvmedaljen og Kamel bronsen. To veker etter Berlin-VM, den 6. september i Rieti i Italia, sette Yegos landsmann David Rudisha afrikansk rekord på 800 m med 1.42,01, Yego på andreplassen gjorde sjølv sitt livs beste 800-meterløp då han fekk notert 1.42,67.

Ved afrikameisterskapen 2010 i Nairobi kom Yego på andreplass, heile to sekundar bak suverene David Rudisha.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]