Yad Mordechai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°35′19″N 34°33′30″E
Yad Mordechai
יַד מָרְדְּכַי
landsby
Yad-Mordechai-Anilevich-memorial-1.jpg
Minnesmerke for Mordechaj Anielewicz ved sidan av det øydelagde vasstårnet i Yad Mordechai
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Hof Ashkelon
Koordinatar 31°35′19″N 34°33′30″E
Folketal 710
Grunnlagd 1936 (som Mitzpe Yam)
1943 (som Yad Mordechai)
 - Grunnlagd av Hashomer Hatzair-medlemmar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Yad Mordechai

Yad Mordechai (hebraisk skrift יַד מָרְדְּכַי, tyder Mordechai-minnesmerket) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg 10 km sør for Ashkelon og høyrer til Hof Ashkelon regionale kommune. I 2006 hadde han 710 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Yad Mordechai Museum

Samfunnet vart grunnlagd i 1930-åra av Hashomer Hatzair-medlemmar frå Polen og i starten organiserte dei sesg sjølv i ein kibbutz kalla Mitzpe Yam nær Netanya, som vart grunnlagd i 1936. Men dei 14 måla med jord som kibbutzen fekk var for lite til å utvikle kibbutzen. Han vart derfor flytta til eit område nær Ashkelon i desember 1943 og den nye busetjinga vart kalla opp etter Mordechai Anielewicz, som døydde i kampane mot nazistane medan han var kommandant i Żydowska Organizacja Bojowa i Ghettoen i Warszawa. Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart kibbutzen angripen av Egypt i slaget ved Yad Mordechai.

Det står ein statue av Anilewicz i kibbutzen[1], plassert ved sidan av det gamle vasstårnet som er bevart etter at det vart øydelagd av egyptarane.[2] Kibbutzen har òg eit museum for Anielewicz og kampane i ghettoen, i tillegg til slaget ved Yad Mordechai.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Yaffe, Richard, Nathan Rapoport: Sculptures and Monuments, Shengold Publishers, New York, 1980.
  2. Sixty years of Midtausten division BBC News, 7. mai 2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]