«Saga Siglar»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Saga Siglar»

«Saga Siglar» vert sjøsett i Kilsfjorden i Volda 23. april 1983
Karriere
Klasse: Knarr
Type: knarr
Systerskip: Skuldelev 1
Eigar: Ragnar Thorseth
Byggherre: Sigurd Bjørkedal
Sjøsett: 1983
Sett i teneste: 1983
Lagnad: Forlis mai 1992
Generelle eigenskapar
Lengd: 16,5 m
Dekkbreidde: 4,8 m m
Djupgang: 0,6/1,3 m
Seglplan: 96 m²

«Saga Siglar» var ein fullskala modell av knarren Skuldelev 1, ein båt frå vikingtida som vart funnen i RoskildefjordenSjælland. Knarren vart bygd i Bjørkedalen i 1982–1983. Sigurd Bjørkedal bygde han, saman med sønene Jakob, Ottar og Dag Inge, for Ragnar Thorseth.

Knarren var bygd av furu, med kjøl, stamnar og botnstokkar av eik. Han var 16,5 meter lang og 4,8 meter brei. Han vart rigga med eit råsegl på 96 m², i ei 13 meter høg mast. Han stikk 0,6 meter djupt når han er tom, og 1,3 meter fullasta. Då kan han bere 16 tonn med last og ballast. Det vart innsett ein 22 hk dieselmotor. Under seglas vart han styrd med sideror. Eit enkelt hekkror kunne monterast for bruk ved motordrift i tronge farvatn.

I 1984–1986 gjennomførte Ragnar Thorseth jordomsegling med «Saga Siglar».

«Saga Siglar» forliste under ein storm i Middelhavet i mai 1992. Han var då, saman med osebergreplikaen «Oseberg», på veg til verdsutstillinga i Sevilla. Båe skipa forliste. Mannskapa vart redda.

I 1993, som erstatning for «Saga Siglar», vart «Borgundknarren» bygd på Bjørkedalen etter same mål som forgjengaren. «Borgundknarren» er no eigd av Sunnmøre Museum.

I 1994 bygde same båtbyggarane knarren «Kvitserk» til Ragnar Thorseth.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]