Åndalsnes Idrettsforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Åndalsnes
Fullt namn Åndalsnes Idrettsforening
Kallenamn ÅIF
Grunnlagd 25. mai 1917
Heimebane Øran stadion, Åndalsnes
(Kapasitet: Ukjent)
Flag of Norway.svg Noreg Svein Frode Heen
Flag of Norway.svg Noreg Tore Brandstadmoen
Flag of Norway.svg Noreg Johan Høgset
Liga 3.div avd. 18
Heimedrakt
Bortedrakt

Åndalsnes Idrettsforening, forkorta ÅIF, er ei idrettsforeining frå Åndalsnes i Møre og Romsdal. Foreininga vart stifta 25. mai 1917. Laget har aktivitetar innan både fotball, handball, ski og turn.

Fotball[endre | endre wikiteksten]

Seniorlaget spelar i 3. divisjon avdeling 18. Laget har heimebane på Øran stadionÅndalsnes. I mai 2007 vart det lagt kunstgras på Øran og 25. mai var det offisiell opning av bana samstundes som ÅIF feira 90 år. I 1995 hadde ÅIF si beste plassering nokonsinne då laget rykte opp i 1. divisjon avdeling 1, kor dei hamna på 10. plass med 18 poeng. Men året etter var laget nede i 2. divisjon att.

Kjente spelarar[endre | endre wikiteksten]

Historie[endre | endre wikiteksten]

  • 17. januar 1918: første skirenn arrangert i ÅIFs regi.
  • Seinare same år kom friidrett.
  • Mai 1927 vart Åndalsnes Turnlag stifta. Laget gjekk inn i ÅIF i 1945.
  • Under Andre verdskrig kom handballen og 14. juni 1945 vart handballgruppa tatt opp i ÅIF.
  • I 1995 nådde ÅIF si beste plassering til no for fotballaget.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]