Års

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Års is located in Danmark
Plasseringa til Års

Års (dansk Aars) er ein by i Vesthimmerlands kommune i Region Nordjylland med 7328 innbyggjarar (2004). Før regionreforma 2007 var Aars administrasjonssenteret i Aars kommune.

Her ligg Vesthimmerlands Gymnasium, som opna i 1960. Mange kunstnarar, særleg Per Kirkeby, har sett sitt preg på byen med forskjellige skulpturar og byggverk.

Namnet kjem truleg frå frå det norrøne ordet árr eller ármadr - på gammalengelsk ar, som på dansk tyder ombodsmannen eller jarlen til kongen.

Tidlegare har Aars òg vorte nytta om Aarhus som då Ludvig Holberg lèt Peder Paars – i skjemtediktet av same namn – reise frå Kalundborg til Aars.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Himmerland var i romartida landet til kimbrarane, men området har arkeologiske funn ved Tolstrup og Svendstrup frå 3200 f.Kr. Ei rekke gravfunn vitnar om stor aktivitet i bronsealderen. I keltisk jernalder starta det såkalla kimbrartoget - ei storstilt folkevandring av kimbrarar sørover omkring 120 f.Kr, der kimbrarar og teutonarar herja i Europa og slo romarane i seks store slag før hærføraren Marius slo kimbrarane i Nord-Italia den 29. juli 101 f.Kr..

Aars kyrkje har ein runestein frå vikingtida. På steinen står det skrive:

«Asser satte denne efter Val-Toke sin herre. Stenen siger, at den vil stå længe her. Den skal nævne Val-Toke».

Toke skal ifølgje segnene vere son av Gorm den gamle, grunnleggjaren av Danmark som er gravlagd i Jelling.

Namnet Aars dukkar første gong opp i 1345, i Repertorium Diplomaticum Regni Danici Mediævalis. Men staden var ikkje stor i mellomalderen og renessansen, med kanskje 300 menneske i heile soknet. I 1688 var kongen fremste godseigar i soknet. Liveigenskapen hemma landbruksutviklinga, men landreforma 23. april 1781 gav høve for utskifting av jord og oppheving av adels- og landsbyforpliktingane.

Dette medførte et oppsving fordi kvar bonde tok meir økonomisk initiativ. Den store veksten kom særleg 1848-1901, med stor vekst i korneksporten og opphevinga av laugsplikta i 1857. Nye heiområde vart pløgd opp og dyrka. I 1875 budde det 782 menneske i Aars sokn. Jernbanen som opna 1893 og 1899 gav ein enno større vekstimpuls og då starta for alvor industrialiseringa av handverket i området.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]