Åtaket på naudhjelpkonvoien til Gaza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
.

Åtaket på naudhjelpkonvoien til Gaza var eit åtak utført av den israelske marinen på ein konvoi med naudhjelp til Gaza den 31. mai 2010. Åtaket vart utført i internasjonalt farvatn av den isralske kommandoeininga Shayetet 13, og 9 av aktivistane om bord på konvoien vart drepne[1]. Åtaket førte til sterke protestar i fleire land[2]. Fleire tyrkiske statsborgarar vart drepne og reaksjonane frå Tyrkia var svært krasse og den tyrkiske statsministeren Recep Tayyip Erdogan kalla åtaket statsterrorisme[3].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Grosvold, Q., Ni aktivister drept, nrk.no, 31/5-2010.
  2. Wergeland, P., Store protester mot Israel, nrk.no, 31/5-2001
  3. Hessevik, J., Angrepet er statsterrorisme, nrk.no, 31/5-2010.
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.