Tabu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit tabu er eit forbod mot noko i eit samfunn, anten det å utføra ei viss handling eller det å snakka om eit visst emne. Døme på vanlege tabufelt er seksualitet og kroppsvæsker. Ofte er tabu knytt til religion, til dømes ved at noko blir forbode fordi det er heilag, eller at religiøse retningsliner seier at noko er tabu. Etter at eit tabu er blitt oppretta vil det å bryta det som regel føra til konsekvensar, som kan vera alt frå skamkjensle og sosial utestenging til dødsstraff.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

James Cook oppdaga både øyar og tabu på reisene sine.

Ordet «tabu» kjem opphavleg frå Stillehavsområde som Fiji, Tonga og New Zealand. Der kan det visa til noko som er forbode for alle eller ein del av samfunnet, til dømes eit område ingen kan fiska på eller mat som ikkje kan etast av kvinner. Oppdagaren James Cook brukte første gongen ordet «taboo» på engelsk i 1777.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Kropp[endre | endre wikiteksten]

Hidjab, tekkeleg klesdrakt, er av mange muslimar blitt tolka som eit påbod for kvinner om å skjula håret. (Foto: Jonathan McIntosh)

Mykje av det som har med kroppen og kroppsfunksjonane å gjera kan det vera knytt tabu til. Kroppsvæsker, som tiss, sveitte eller blod — særleg menstruasjonsblod, og bæsj eller lydar, som rap eller fis, kan det vera knytt store eller små tabu til.

Visse delar av kroppen kan vera tabu som må dekkast til, gjerne fordi dei har med seksualitet å gjera. Dette gjeld penis på menn (og i mindre grad for gutar), brystvortene på kvinner (og tildels menn) i dei fleste vestlege land, eller håret til kvinner i nokre muslimske, jødiske og kristne samfunn.

Seksualitet[endre | endre wikiteksten]

I nokre kulturar er det knytt tabu til homoseksualitet.

Seksualitet kan generelt vera eit tabuemne som ikkje blir snakka om, eller berre nemnt med omskrivingar. Ei viss seksuell åtferd kan òg vera tabu som blir straffa — til dømes homoseksualitet, «raseblanding», incest, pedofili og nekrofili.

Død[endre | endre wikiteksten]

Døden er eit anna emne det gjerne blir oppretta tabu rundt, til dømes ved at ein bruker omskrivingar for å snakka om han, eller at det blir oppretta eit namnetabu om nokon døyr.

Mat[endre | endre wikiteksten]

Mange jødar et berre mat dei veit er tilreidd etter kasjrútreglar, som denne fløytekartongen merkt med «OU».

Mange religionar har restriksjonar på mat, til dømes kva ein kan eta eller korleis han skal lagast til. Døme på det første er religiøs vegetarianisme, som ein finn innan hinduismen, djainismen og til dels buddhismen, medan muslimsk halal og jødisk kasjrút tek for seg begge delar. Forbod mot kannibalisme er eit generelt tabu mange stader som er blitt innført av kristne misjonærar på stader der ein ikkje hadde det.

Grunnlag og verknad[endre | endre wikiteksten]

Tabu er i stor grad sosialt bestemte, det vil seia at dei ikkje er medfødde, men fastsette og oppretthaldne av eit samfunn. Ingen tabu er universelle, men visse, som forbod mot kannibalisme og incest, finst i størstedelen av verda.

Det går ofte an å sjå rasjonelle årsaker til tabu. Både kannibalisme og incest er dårleg åtferd ut frå eit biologisk synspunkt. Likeins kan kjøt lett bli skjemt i det tropiske landet India, medan grisar i Midt-Austen kan innehalda parasittar. Slike tabu kan ha kome til fordi folk har lettare for å følgja eit strengt forbod enn eit velmeinande råd.

Andre tabu kan vera vanskelegare å forklara og forsvara. Til dømes gjeld dette tabu mot å snakka om seksualitet, som kan føra til at unge blir utnytta, får kjønnssjukdommar eller blir uønskt gravide fordi dei manglar eller har fått feilaktig informasjon.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Tabu kan overførast til ord som har med emnet å gjera. Slike tabuord blir gjerne bytte ut med eufemismar i mange samanhengar. Sensur, av seg sjølve eller av andre, er ein annan verknad av tabu.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]