Émile Borel
Félix Édouard Justin Émile Borel (7. januar 1871–3. februar 1965 i Paris i Frankrike) var ein fransk matematikar og politikar.
Han var professor ved universitetet i Lille frå 1893 til 1897, ved École Normale 1897–1903 og 1903–41 ved Faculté des Sciences i Paris. Borel var direktør for École Normale frå 1910 til 1920 og president for det franske vitskapsakademiet.
Saman med René-Louis Baire og Henri Lebesgue var han ein av pionerane når det kom til måleteori og korleis dette vart brukt i sannsynteori. Ei av bøkene hans om sannsyn introduserte det interessante tankeeksperimentet som gjorde innpasset sitt i populærkulturen under namnet Setninga om uendeleg mange aper. Han publiserte òg ei rekkje forskingspapir på spelteori.
Som politikar var Borel leiar for det republikansk-sosialistiske partiet og deputert i den franske nasjonalforsamlinga i fleire periodar 1924–1936. I 1925 var Borel marineminister i regjeringa til P. Painlevés.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Émile Borel» frå Wikipedia på bokmål, den 12. november 2011.