Étienne Bacrot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Étienne Bacrot (2013)

Étienne Bacrot (fødd 22. januar 1983) i Picardie i Frankrike er ein fransk stormeister i sjakk, no rangert som nummer to i Frankrike etter stormeister Maxime Vachier-Lagrave.

Étienne Bacrot (1999)

Étienne Bacrot starta å spele då han var 4 år, og vart raskt eit vidunderbarn i sjakk. Då han var 10 år begynte han å vinne sjakkturneringar for juniorar - dvs opp til 20 år. Då han var 13 år vann han eit parti mot stormeister og tidlegare verdsmeister i sjakk Vasilij Smyslov. Han fylte krava til å bli stormeister i sjakk i mars 1997, då han var berre 14 år og to månader gammal. Han var den til då yngste som hadde klart å bli stormeister. I desember same året overtok Ruslan Ponomariov rekorden.

Étienne Bacrot passerte 2700 i FIDE-rating i 2004. I januar 2005 vart han den første sjakkspelaren frå Frankrike til å kom på topp 10 på verdsrankingen - ein 9-plass som han heldt i heile 2005. Den høgaste FIDE-ratingen han har hatt var 2731 pr 1. april 2005.

Minneverdige resultat[endre | endre wikiteksten]

Étienne Bacrot har vunne mange sjakkturneringar og minneverdige parti.

Lagresultat[endre | endre wikiteksten]

Barne- og ungdomsresultat[endre | endre wikiteksten]

  • Verdsmeister i sjakk for aldersgruppa under 10 år.
  • Verdsmeister i sjakk for aldersgruppa under 12 år.
  • IM i sjakk 12 år gammal.
  • Stormeister i sjakk 14 år og 2 månader gammal, noko som var rekord då.

Tvikampar i heimebyen[endre | endre wikiteksten]

I fleire år frå 1995 spelte Bacrot kvart år ein tvikamp mot ein sterk og kjend spelar, i heimbyen sin Albert. I 1996 slo han Vasilij Smyslov 5-1, i 1997 tapte han mot Viktor Korchnoi 4-2, i 1998 slo han Robert Hübner 3,5-2,5, i 1999 tapte han mot Alexander Beliavsky 3,5-2,5, i 2000 tapte han Nigel Short 4-2, i 2001 uavgjort 3-3 med Emil Sutovsky, i 2002 slo han Boris Gelfand 3,5-2,5, og i 2004 vann han mot Ivan Sokolov 3,5-2,5. (Det var ingen tvikamp i 2003).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]