Anatolij Karpov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anatoly Karpov.jpg

Anatolij Jevgenjevitsj Karpov (Анато́лий Евге́ньевич Ка́рпов) (fødd 23. mai 1951) i Zlatoust i Tsjeljabinsk oblast er ein russisk sjakkspelar.

Karpov var verdsmeister i sjakk frå 1975 til 1985 og igjen frå 1993 til 1999.

Innhaldsliste

[endre] VM-kampane

Karpov vart verdsmeister i 1975 etter å ha vunne kandidatfinala mot sjakkstormeister Viktor Korchnoi i 1974. Karpov vart verdsmeister i 1975 utan kamp, då verdsmeisteren frå 1972, Bobby Fischer frå USA ikkje ville akseptere vilkåra for VM-kampen som verdssjakkforbundet FIDE hadde bestemt.

Karpov forsvarte VM-tittelen i kampar mot Viktor Korchnoi i 1978 og 1981.

I 1984 spelte Karpov ein VM-kamp mot Garri Kasparov. Regelen var då at vinnaren vart den som først fekk 6 sigrar vart verdsmeister. Etter mange månader speling og 48 parti var stillinga 5-3 i favør av Karpov - men då hadde Kasparov vunne dei to siste partia. Presidenten i verdssjakkforbundet FIDE braut då av kampen, av omsyn til spelarane si helse.

Det vart så spela ein ny kamp i 1985, og denne gongen kunne ikkje Karpov hindre at Kasparov vann kampen, og vart ny verdsmeister. Karpov freista både i 1986, 1987 og 1990 å ta tilbake tittelen, men mislukkast.

I 1993 braut Kasparov med verdssjakkforbundet FIDE, og danna sin eigen organisasjon, PCA, der han arrangerte sine eigne VM-kampar. Samtidig arrangerte FIDE sin eigen VM-kamp, der Karpov i 1993 vann mot sjakkstormeister Jan Timman frå Nederland og dermed vart offisiell FIDE-verdsmeister igjen.

I 1996 forsvarte Karpov VM-tittelen i kamp mot sjakkstormeister Gata Kamsky frå USA.

I 1998 endra verdssjakkforbundet FIDE systemet for å peike ut ein VM-utfordrar. Sjakkstormeister Viswanathan Anand frå India vann ei stor utslagsturnering (cup), men hadde ingen sjanse i VM-kampen mot ein utkvild Karpov nokre dagar etterpå.

I 1999 endra verdssjakkforbundet FIDE på nytt systemet, og gjorde VM om til ei stor utslagsturnering. Dette ville ikkje Karpov vere med på, og gav opp VM-tittelen.

[endre] Heider

Karpov vart tildelt Sjakk-Oscar som beste spelar for året, for åra frå og med 1973 til og med 1977 og 1979 til 1981, 8 år. Sjakk-Oscar blir gitt til den beste spelaren siste år, etter ei avstemming blant sjakkjournalistar og sjakkekspertar verda over.

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Kjelder

[endre] Fotnotar


Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk