Boris Gelfand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen brukar algebraisk sjakknotasjon for å beskrive sjakktrekk.
Boris Gelfand.jpg

Boris Abramovitsj Gelfand (fødd 24. juni 1968) i Minsk, Kviterussland er ein Israelsk stormeister i sjakk. Han vann kandidatturneringa i 2011, og kvalifiserte seg dermed til å spele tvikamp om verdsmeisterskapen i sjakk mot Viswanathan Anand i Chennai i april-mai 2012.

I 1998 emigrerte han til Israel, og busette seg i Rishon LeZion. Han har sidan vore den høgast rangerte sjakkspelaren i Israel. Topprating var 2761 i januar 2010, pr. 1. juli 2011 hadde han 2746, nr. 12 på verdsrankingen.

Sjakkarriere[endre | endre wikiteksten]

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Gelfand vart Sovjetisk juniormeister då han var 17 år,[1] og vann Europameisterkapen i sjakk for juniorar to år seinare. I 1988 kom han på andreplass i Verdsmeisterskapen i sjakk for juniorar, på same poengsum som vinnaren Joël Lautier. I 1989 kvalifiserte han seg til stormeister-tittelen.

VM-kvalifisering 1993-2002[endre | endre wikiteksten]

Gelfand har fleire gongar kvalifisert seg for kandidatturneringa for verdsmeisterskapen i sjakk. Han kvalifiserte seg frå Intersoneturneringa til kandidatturneringa for Verdsmeisterskapen 1993. Han vann den første kandidat-tvikampen, men vart slått ut i kvartfinalen av Nigel Short. I FIDE-verdsmeisterskapen i sjakk 1996 vann han intersoneturneringa, og vann dei to første kandidatkampane, før han vart slått ut i semifinalen av Anatolij Karpov. Han hadde fleire sterke resultat i utslagsturneringane om FIDE-verdsmeisterskapa i sjakk 1998-2004, der det beste resultatet var semifinalen i 1997. Han spelte i 8-spelar-turneringa i Dortmund i 2002, som var kandidatturnering for verdsmeisterskapen i sjakk 2004, men nådde ikkje semifinalen.

Verdsmeisterskapen i sjakk 2007[endre | endre wikiteksten]

Gelfand kom blant dei 10 fremste i FIDE World Cup 2005, noko som kvalifiserte han til kandidatturneringa til Verdsmeisterskapen i sjakk 2007. Han vann kandidatkampane mot Rustam Kasimdzhanov (etter spelforlenging i hurtigsjakk) og Gata Kamsky (+2-0=3), og kvalifiserte seg dermed for Verdsmeisterskapen i sjakk 2007. Han var ikkje blant favorittane, men overraska med å dele andreplassen med den til då regjerande verdsmeisteren Vladimir Kramnik, ny verdsmeister vart Viswanathan Anand.

Verdsmeisterskapen i sjakk 2012[endre | endre wikiteksten]

I FIDE World Cup 2009 var Gelfand topprangert, og slo Judit Polgár, regjerande verdsmeister i sjakk for juniorar Maxime Vachier-Lagrave, Dmitrij Jakovenko og Sergej Karjakin på vegen til finalen. I finalen møtte han tidlegare FIDE-verdsmeister i sjakk Ruslan Ponomarjov, og vann 7-5 etter spelforlenging.[2] Sigeren i denne turneringa kvalifiserte Gelfand for kandidatturneringa til Verdsmeisterskapen i sjakk 2012.

Kandidatturneringa vart spela i Kazan, Russland i mai 2011. Gelfand var rangert som nummer fire. I kvartfinala vann han eit komplisert parti med svart i Najdorf-forsvaret, elles tre remisar, og slo dermed Shakhriyar Mamedjarov 2,5-1,5. I semifinala møtte han Gata Kamsky. Etter fire remisar i dei fire første partia vart det spelforlenging i hurtigsjakk. Kamsky vann det tredje partiet, og Gelfand måtte vinne det fjerde med svart for å unngå å bli slått ut. Dette klarte han, og vann deretter dei to neste partia i lynsjakk med 2-0. I finalen møtte han Alexander Grischuk. Etter remis i dei fem første partia, så vann Gelfand det sjette og siste ordinære partiet med kvit mot Grünfeld-forsvaret, og dermed tvikampen 3,5-2,5. Gelfand hadde dermed kvalifisert seg til å møte verdsmeister Anand om verdsmeisterskapen i sjakk 2012, som skal spelast i Moskva i mai 2012[3].

Minneverdige turneringssigrar[endre | endre wikiteksten]

Boris Gelfand har vunne om lag 30 sjakkturneringar i karrieren, mellom anna følgjande:

  • Europeisk Meisterskap for Ungdom, 1989
  • Majorca (GMA), 1989
  • Wijk aan Zee, 1992
  • Moskva, 1992
  • Manila, 1993
  • Chalkidiki, 1993
  • Biel, 1993
  • Dos Hermanas, 1994
  • Debrecen, 1995
  • Beograd, 1995
  • Wien, 1996
  • Tilburg, 1996
  • Polanica Zdroj, 1998
  • Malmö, 1999
  • Polanica Zdroj, 2000
  • Cannes, 2002
  • Pamplona, 2004
  • Biel, 2005
  • ACP World Rapid Cup, 2009[4]
  • FIDE World Cup 2009[5]
  • Kandidatturneringa 2011

Spelestil[endre | endre wikiteksten]

Gelfand spelar med kvit 1.d4, og er med svart spesialist på Siciliansk forsvar, Najdorf- varianten, Russisk forsvar, Slavisk forsvar og Kongeindisk forsvar. Han er kjend som ein sterk posisjonsspelar.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]