Øvre Eidfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øvre Eidfjord
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Eidfjord
Postnummer 5784 ØVRE EIDFJORD
Preposisjon i Øvre Eidfjord
Kart
Øvre Eidfjord
60°25′24″N 7°07′48″E / 60.42333333°N 7.13°E / 60.42333333; 7.13

Øvre Eidfjord er ein tettbygd stad eller ei bygd i Eidfjord kommune, ved botnen av Eidfjordvatnet, 7 km frå Tettstaden Eidfjord. Her bur det om lag 200 menneske.

Riksveg 7 går gjennom staden. Når ein skal austover, over Hardangervidda, er Øvre Eidfjord den siste bygda ein passerer før oppstigninga opp Måbødalen tek til. Frå Øvre Eidfjord går det òg bilveg gjennom Hjølmodalen til Hjølmoberget, der bilvegen stoppar. Dette er eit godt utgangspunkt for å gå innover Hardangervidda, t.d. til Vivelid.

Øvre Eidfjord er særleg kjend for museet Hardangervidda Natursenter. Her kan ein sjå på mange utstillingar om dyre- og plantelivet på Hardangervidda, og oppleva ein flott film om vidda laga av Ivo Caprino. Til muséet høyrer òg restauranten Hardangerviddahallen. Hardangerviddahallen fekk tildelt prisen Ganefart - årets beste spisested langs veien i Hordaland og Sogn og Fjordane i 2006.

Øvre Eidfjord hadde eigen barneskule, Sæbø Skule, men denne vart nedlagt i 2005. Sidan då har ungane i Øvre Eidfjord måtta reisa til Lægreid skule i Eidfjord og gå på både barne- og ungdomsskule der.

Staden har elles gjestgiveri og fleire campingplassar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]