Hardangervidda Natursenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hardangervidda Natursenter er eit museum i Øvre Eidfjord i Eidfjord kommune i Hordaland. Senteret har som føremål "å samla og spreia kunnskap om samspelet i naturen, og relasjonane mellom natur og menneskeleg verksemd."

Natursenteret vart opna den 28. mai 1995 av Dronning Sonja.

Hovudtemaet for senteret er, som namnet tilseier, Hardangervidda. Utstillingane i senteret er spreidde over tre etasjar, og dei handsamar ei rekkje vitskapsgreiner: Geologi, botanikk, glasiologi, zoologi, arkeologi og ornitologi. Museet er svært interaktivt, og har mange stasjonar der ein kan få bruka fleire av sansane. Ein finn m.a. utstoppa dyr som til vanleg lever på Hardangervidda, gjenskapingar av naturen der oppe, og akvarium med fisk frå vidda. Senteret har òg ei eiga "tidsmaskin" der ein kan sjå isbreane veksa, og snakka med ein mann frå mellomalderen som fortel om ulike tidsepokar.

Ein av dei største attraksjonane i museet er ein film om fossar, fjell og fjordar i Hardanger/ Hardangervidda laga med Ivo Caprino sitt supervideograf-system. Ein får sjå filmen på 6 ulike lerret samtidig, og mange av scenene er filma med helikopter. Musikken til filmen er komponert av Kjetil Bjerkestrand.

Hardangervidda Natursenter har òg sin eigen restaurant, kalla Hardangerviddahallen. Her vert det servert tradisjonsmat frå Hardangervidda, t.d. reinsdyrsteik og fjellaure.

Museet er ope frå april til oktober.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]