Ivo Caprino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivo Caprino

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. februar 1920
Christiania
Død

8. februar 2001 (80 år)
Snarøya

Yrke filmregissør, filmprodusent, manusforfattar, filmklyppar, dokkespelar, filmfotograf, animatør
Far Mario Caprino
Mor Ingeborg Gude
Ektefelle Liv Bredal
Born Remo Caprino, Ivonne Caprino
Ivo Caprino på Commons

Ivo Caprino (17. februar 19208. februar 2001) var ein norsk filmprodusent, filmregissør og forfattar. Han er best kjend for dokkefilmane sine, særleg Flåklypa Grand Prix og filmatiseringa hans av norske folkeeventyr.

Caprino vart fødd i Oslo, og var son til visesongaren, illustratøren og dokkemakaren Ingeborg Gude og den italienske målaren og møbelsnikkaren Mario Caprino. Oldefar hans på morssida var målaren Hans Gude og farfar hans var italiensk høgsterettsjustitiarius. Caprino budde på Snarøya i Bærum heile livet.

Løyndommen til Caprino[endre | endre wikiteksten]

Ivo Caprino hadde ei brei utdanning innan animasjonsfilm. Han studerte dokkefilm i Praha, miniatyr- og trickfilm i Roma og teiknefilm i London. Han debuterte med dokkefilmen Tim og tøffe sist på 40-talet.

Caprino utvikla snart den unike «løyndommen» sin; eit system han tok patent på, som gjorde det mogleg å røra figurane kontinuerleg framføre kameraet. Fyrst i 1993 vart løyndommen avslørt for publikum. Trass i at han var patentert, var det ingen som kom på sporet av løyndommen. Han bestod av eit «klaviatur», der tangentane var bundne til 12 ulike strengar. Desse vart førte saman i eit røyr. I andre enden av røyret var figuren montert, med strengane spreidde til dei ulike kroppsdelane. Dokkeføraren «spelte» på klaviaturet omtrent som på eit trekkspel, og rørsla spreidde seg via strengane. Først med fjernsynsfiguren Televimsen frå 1960-åra brukte Caprino for alvor den vanlegare animasjonsteknikken, med møysommelege einskildbiletopptak: ørsmå flyttingar av kroppsdelane til figurane.

Gjennombrotet hans kom med Veslefrikk med fela i 1952. Den vann fyrstepremien for beste barnefilm i filmfestivalen i Venezia. Til jubileet åt H. C. Andersen laga han filmen Den standhaftige tinnsoldat etter eventyret med same namn. Denne må reknast som eit tidleg høgdepunkt i karrieren til Caprino.

Norske folkeeventyr[endre | endre wikiteksten]

Caprino forsøkte å laga ein heil spelefilm med enkelte av eventyra til Asbjørnsen og Moe, med dei trolske teikningane til Theodor Kittelsen som inspirasjon. Eventyra skulle knytast samma med realfilm, der ein fylgjer etter Asbjørnsen medan han samlar dei inn. Planane lét seg berre realisera stykkevis. Dei fire kortfilmane Askeladden og de gode hjelperne, Reveenka, Sjuende far i huset og Gutten som kappåt med trollet har vorte sett av mange norske familiar. Men filmane vart aldri samansette til den heilskapen dei var tiltenkt.

Flåklypa Grand Prix[endre | endre wikiteksten]

Som langfilmregissør debuterte Caprino i 1959, med Ugler i mosen. Her var det animasjonsfigurar som spelte hovudrollene. Langfilmen Flåklypa Grand Prix vart den største produksjonen til Caprino, og den største norske filmsuksessen gjennom tidene. Arbeidet med dokkefilmen basert på Kjell Aukrust sitt persongalleri som var starta i 1969, og hadde premiere 28. august 1975. Det etter kvart så kjende lydsporet til filmen er komponert av Bent Fabricius-Bjerre.

Bilen «Il Tempo Gigante» vart bygt i full storleik for å marknadsføra filmen i utlandet. Understellet på bilen kjem frå Cadillac. Biltilsynet registrerte bilen med nummer BL 50000. I dag står han utstilt i ein glasmonter i Hunderfossen Familiepark, der Caprino også har bygt sitt eige Caprinoland. Det kjende 14 meter høge trollet som utgjer inngangspartiet til ein restaurant i Hunderfossen, er også designa av Caprino. Eit æveshjul laga av Caprino, står òg der.

Supervideograf[endre | endre wikiteksten]

Seinare utvikla Caprino supervideografen, eit system der fem videokamera vert nytta til å laga eit 225-graders panorama som kan visast i spesielle kinoar. Desse kinoane finst på Nordkapplatået, i Hunderfossen familiepark, på Akvariet i Bergen, i Hardangervidda Natursenter i Øvre Eidfjord, Norsk Bremuseum i Fjærland og 6–7 andre stader.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Ivo Caprino fekk ei rekkje prisar, mellom andre Filmkritikerprisen i 1956, Aamot-statuetten for framifrå innsats i norsk film i 1967, Teskjekjerringprisen i 1991 og Amandaprisen sin ærespris i 1995, forutan ei rekkje prisar frå internasjonale filmfestivalar. Han vart riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1989.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Dette er ei liste over dei mest kjende filmane som Caprino anten har laga sjølv eller bidrege til:

  • 1975 – Flåklypa Grand Prix
  • 1967 – Gutten som kappåt med trollet
  • 1966 – Sjuende far i huset
  • 1963 – Papirdragen
  • 1962 – Reveenka
  • 1961 – Askeladden og de gode hjelperne
  • 1959 – Ugler i mosen
  • 1958 – Et hundeliv med meg
  • 1955 – Den standhaftige tinnsoldat
  • 1955 – Klatremus i knipe
  • 1954 – Karius og Baktus
  • 1952 – Veslefrikk med fela
  • 1950 – Musikk på loftet/En dukkedrøm
  • 1949 – Tim og Tøffe

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]