Øyangen i Øystre Slidre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Øyangen
Stad Huldreheimen, Øystre Slidre (Oppland)
Overflateareal 1,47 km²
Høgd over havet 927 moh

Øyangen er ein innsjø i Øystre Slidre kommune i Valdres, Oppland fylke. Han ligg 927 meter over havet og arealet er 1,47 km². Den største tilløpselva kjem frå Jødmannstjernet og Rognlifjellet. Frå Øyangen renn vatnet ut i Røyri. Øyangen er ein del av Vindavassdraget.

Øyangen er eit privateigd vatn, og fiske er normalt ikkje lov. I vatnet finst det aure, åbor og ørekyte.

Området rundt sjøen er prega av stølsdrift med kyr, og er eit populært hytte- og turområde både sommar og vinter.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Oppland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.