Åbor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Åbor

Status i verda: LC Livskraftig

Åbor
Åbor

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Actinopterygii
Orden: Perciformes
Familie: Percidae
Slekt: Perca
Art: P. fluviatilis
Vitskapleg namn
Perca fluviatilis
åbor
Norske dialektnamn
abbor, åbbor, øbbør, tryte
Namn på andre språk
Nordsamisk vuoskun
Svensk abborre
Dansk aborre
Engelsk Perch, European perch
Tysk Barsch, Flussbarsch, Kretzer, Egli
Fransk perche
Spansk perca
Russisk okun (Окунь), retsjnoj okun (речной окунь)
pitesamisk vuosjkun
lulesamisk vuoskun

Åbor (Perca fluviatilis) er ein fisk i den europeiske åborfamilien. Han er ein vanleg ferskvassfisk i heile Europa; i Noreg er han hovudsakleg utbreidd på Sør- og Austlandet, samt i Finnmark. Han har òg blitt sett ut i Australia, på New Zealand og i Sør-Afrika, der han er ein framand art. Bestandar i Austersjøen trivst godt i brakkvatn.

Andre namn denne fisken er kjend under i Noreg er abbor, åbbor og tryte.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

On exhibition Subaqueous Vltava, Prague

Åboren er flattrykt frå sidene og relativt høg. Fargen er grønaktig med raude finnar på ryggen og ved gattet. Langs sidene har han eit sett på 5-9 vertikale striper.

Storleiken varierer frå vatn til vatn, men er sjeldan over 25 cm og 400 g i Noreg. Det største kjende eksemplaret var 51 cm langt og vog 4,75 kg.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Åboren likar seg best i seintflytande elvar og djupe tjern og innsjøar.

Ung åbor lever i stim, men eldre individ vert stadig meir aggressive og heldt seg for seg sjølve. Ein kan ofte observera dei symjande sakte tett inntil vegetasjon eller stein, særleg mellom plantar er dei godt kamuflerte. Arten er ein utprega rovfisk; dei vaksne et både virvellause dyr og fisk, hovudsakleg stingsild, åbor, mort og ørekyt.

Formeiringa skjer om våren, frå mars til juni. Egga vert fest med geleaktige trådar til dei fleste slags overflater det går an å festa dei til, gjerne plantar. Denne massen vernar egga mot fisk. Etter 7-20 dagar (som regel nærare 20 i norske vatn) klekkjest egga, og yngelen sym ut i vassmassane. Her lever dei av dyreplankton, botnlevande virvellause dyr og annan yngel medan dei veks opp.

On exhibition Subaqueous Vltava, Prague

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]