Valdres

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om dalføret i Oppland fylke. For lokalavisa, sjå avisa Valdres.
Utsyn over Begnadalen frå Lærskogen, med dei store skogane som går heilt til Randsfjorden til venstre og til Hedalsfjella til høgre i bakgrunnen.
Foto: John Erling Blad
Kart over Valdresregionen med dei seks kommunane Sør-Aurdal, Nord-Aurdal, Etnedal, Vestre Slidre, Øystre Slidre og Vang.

Valdres er det vestlegaste av dalføra i Oppland fylke. Området femner storparten av nedbørsområdet kring Begnavassdraget, nord for Sperillen i Ådal, og øvre del av landskapsområdet Etnedal med fjelltraktene kring. Den sørlegaste delen av Valdres består av Begnadalen og sidedalen Hedalen. I nord høyrer Valdresflye sør i Jotunheimen med og områda vestover mot Filefjell, i tillegg til øvre del av Etnedalen i nordaust. Dei største elvane i Valdres er Begna og Etna. Dei største innsjøane er Tyin, Bygdin og Vinstri. Den største tettstaden i dalen er Fagernes.

Namnet Valdres er i administrativ tyding brukt om Valdres prosti og Valdres tingrettsdistrikt som begge svarar til det tidlegare Valdres futedøme. Kommunane i Valdres er Sør-Aurdal, Nord-Aurdal, Etnedal, Vestre Slidre, Øystre Slidre og Vang og saman utgjer desse om lag 18 000 innbyggjarar og eit flatemål på 5 430 km2.

Historikk og kultur[endre | endre wikiteksten]

Valdres var opphavleg busett med innvandrarar frå Vestlandet[1], og har opp gjennom tidene hatt ei sterk tilknytting til denne landsdelen. Området har høyrt til Gulating, og i 1153 vart Valdres del av Stavanger bispedømme. Dalen fungerte som ei ferdselsåre mellom Vestlandet og Austlandet.

På den gamle tingvollen der Vang stavkyrkje har stått, heldt Håkon VI ting i 1368. Då vart ein grensetvist løyst med ein grensestein som framleis står i dag.

Kulturlandskapet i Valdres er prega av at det har vore drive husdyrhald i fleire hundreår. Gardane er som oftast små, med store beiteområde.[2] Mattradisjonane står sterkt i Valdres. Valdresgildet er ein matfestival som blir arrangert årleg, og fokuserer særleg på lokal mat, og tidleg på vinteren blir Norsk Rakfiskfestival arrangert på Fagernes kvart år. Kjende matprodukt frå Valdres er rakfisk frå Valdres og kurv frå Valdres.[3] I Bygdin i Vang blir musikkfestivalen Vinjerock arrangert kvar sommar.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt har jordbruk og skogbruk vore den viktigaste næringsvegen i Valdres. I seinare tid har turisme vorte stadig viktigare for dalen, som har variert natur. Valdres har eit friluftsmuseum som ligg ved Fagernes, og saman med Beitostølen i Øystre Slidre kommune har desse den største turisttrafikken. Valdres har eiga lokalavis, Valdres, og eigen lokalradio, Valdres Radio. På Leira ligg Valdres folkehøgskule, ein kristen folkehøgskule med fokus på vintersport og friluftsliv.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste vegsambanda gjennom Valdres er E 16 og fylkesveg 51. Det er samband med buss til Oslo, Bergen, Gjøvik og Gol.

Fagernes var frå 1906 til 1988 endestasjon for Valdresbanen, som frå 1989 vart lagt ned. E 16 (Oslo–Bergen) går gjennom dalen til Fagernes, og går herfrå gjennom Vestre Slidre kommune og Vang kommune til Lærdal kommune ved Sognefjorden. Fylkesveg 51 går frå Fagernes gjennom Øystre Slidre kommune og over Valdresflye til Vågå kommune. Frå Leira går fylkesveg 51 sørvestover til Gol, og frå Bjørgo fylkesveg 33 austover til Gjøvik. Fagernes lufthamn, Leirin har rutetrafikk til Oslo og Haugesund og elles chartertrafikk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Valdres