Øyreselar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Australsk sjøløve (Neophoca cinerea)
Øyreselar (Otariidae) er ein familie som høyrer til rovdyra og som er kjenneteikna ved at medlemmene har ytre øyre og baklemmer som kan bøyast framover og vert brukt når dei er på land. Denne gruppa finst i Stillehavet, Indiahavet og subantarktiske område. Til denne gruppa høyrer mellom anna annet pelsselartane og sjøløveartane, men dyra i denne familien, som utgjer sju slekter og fjorten artar, finst altså ikkje langs norskekysten.
Dyr i denne familien er gjerne særs sosiale. Dei dannar store flokkar under paringstiden, der individuelle hannar, avhengig av posisjon og styrke, forsvarer eit harem på 3-40 hoer. Ein fullvoksen sjøløvehann kan vege opp mot om lag tusen kg.
[endre] Systematikk
- Familie: Otariidae (Øyreselar)
- Underfamilie: Arctocephalinae (Pelsselar)
- Slekt: Arctocephalus (Sørlege pelsselar)
- Art: Arctocephalus australis (Søramerikansk pelssel)
- Art: Arctocephalus forsteri (New Zealand-pelssel)
- Art: Arctocephalus galapagoensis (Galápagospelssel)
- Art: Arctocephalus gazella (Antarktisk pelssel)
- Art: Arctocephalus philippii (Juan Fernandez-pelssel)
- Art: Arctocephalus pusillus (Sørafrikansk pelssel)
- Art: Arctocephalus townsendi (Guadalupepelssel)
- Art: Arctocephalus tropicalis (Tropisk pelssel)
- Slekt: Callorhinus (Nordlege pelsselar)
- Art: Callorhinus ursinus (Nordleg pelssel)
- Slekt: Arctocephalus (Sørlege pelsselar)
- Underfamilie: Otariinae (Sjøløver)
- Slekt: Eumetopias (Stellersjøløve)
- Art: Eumetopias jubatus (Stellersjøløve)
- Slekt: Neophoca (Australsk sjøløve)
- Art: Neophoca cinerea (Australsk sjøløve)
- Slekt: Otaria (Søramerikansk sjøløve)
- Art: Otaria flavescens (Søramerikansk sjøløve)
- Slekt: Phocarctos (New Zealand-sjøløve)
- Art: Phocarctos hookeri (New Zealand-sjøløve)
- Slekt: Zalophus (Californiasjøløve)
- Art: Zalophus californianus (Californiasjøløve)
- Slekt: Eumetopias (Stellersjøløve)
- Underfamilie: Arctocephalinae (Pelsselar)
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Øreselfamilien» frå Wikipedia på bokmål, den 12. februar 2009.
| Denne artikkelen manglar ein taksoboks. Du kan leggja ein til sjølv ved å følga desse retningslinene. |