Ülemistesjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ülemistesjøen
Koordinatar 59°24′N 24°46′E
Tilsig Kurna
Utsig Vassystemet i Talinn
Tilknytte land Estland
Overflateareal 9,6 km²
Middeldjupne 2,5 m
Største djupne 6 m
Høgd over havet 35,7 m
Busetnadar Tallinn

Ülemistesjøen (estisk Ülemiste järv) er den største innsjøen nær Tallinn, hovudstaden i Estland. Ülemistesjøen er vatnet som det meste av byen får drikkevatnet sitt frå. Innsjøen får mest vatn frå elvene Kurna og Pirita (via Vaskjala-Ülemiste -kanalen).

Tallinn flyplass ligg ved austsida av innsjøen, og luftfartøy tar ofte av og landar over vatnet. Flyplassen har nødvendig utstyr for raskt å kunne taue ut fly som styrar i innsjøen.

Mytologi[endre | endre wikiteksten]

I innsjøen ligg det ein stein kalla Lindakivi. I estisk mytologi seier ein at steinen var ein av steinane Linda bar til Kalev si grav ved Toompea, men som fall ut av forkledet hennar. Ho sat seg på steinen og gret, og slik vart dermed innsjøen danna.

Ei anna segn er at «Gamle Ülemiste» bur i innsjøen. Dersom nokon møter han, skal han visstnok spørre: «Er Tallinn klar no?». Og om personen då svarer «ja», så vil han flaume over byen. Så det rette svaret vil altså vere «Nei, det er mykje som enno må gjerast».

Kjelde[endre | endre wikiteksten]