Estisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Estisk
(eesti keel)
Klassifisering: Uralsk

 Austersjøfinsk
  Estisk

Bruk
Tala i: Estland
Område: -
Estisktalande i alt: 1,1 million
Rangering: ikkje på topp 100
Skriftsystem: Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i: Estland
Normert av: -
Språkkodar
ISO 639-1: et
ISO 639-2: est
ISO 639-3: est

Estisk er eit austersjøfinsk språk i den uralske språkfamilien, nært i slekt med finsk, men ikkje utan vidare gjensidig forståeleg.

Geografisk område[endre | endre wikiteksten]

Estisk blir snakka i Estland (av over 950 000), og i emigrantsamfunn, særleg i Sverige, USA og Canada (av over 150 000).

Offisiell status[endre | endre wikiteksten]

Estisk er offisielt språk i Republikken Estland, og er nest etter islandsk det minste språket som fungerer som hovudspråk i ein sjølvstendig nasjonalstat.

Dialektar[endre | endre wikiteksten]

Estisk blir delt inn i åtte ulike dialektar, også innanfor kvar dialekt er det regionale skilnader. Gjennom liveigenskap og stavnsband var dei estiske bøndene bunde til kyrkjesoknet sitt. Språket til den mobile overklassa var tysk, til ein viss grad russisk og svensk, og det estiske språket utvikla seg dermed til svært skilde dialektar. Den største språklege skilnaden går mellom sørestisk og nordestisk, etter eit administrativt skilje mellom den nordlege delen av språkområdet underlagt Tallinn, og den sørlege delen, med Tartu som senter, i lange periodar underlagt Latvia. Kvar hovudgruppe er delt inn i undergrupper, og i tillegg kjem kyst- og øyestisk. Ein sørestisk dialekt skil seg så mykje frå dei andre dialektane at det er mogleg å argumentere for at det er eit eige språk, Võrumålet.

Nordestisk

  • vestdialekt (estisk: läänemurre)
  • sentraldialekt (estisk: keskmurre)
  • austdialekt (estisk: idamurre)

Sørestisk (sør for Tartu og Põltsamaa)

Kystestisk (aust for Tallinn langs kysten til grensebyen Narva)

  • Nordaustkystdialekt (estisk: rannikumurre)

Øyestisk

  • Øydialekt (estisk: saarte murre)

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Estisk fonologi

Estisk har ni vokalar.

Estisk er kjend for å ha stadieveksling. Stadievekslinga er omfattande, og skil mellom anna mellom korte, lange og overlange lydar.

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Estisk morfologi.

Estisk har eit rikt bøyingssystem, mellom anna med 14 kasus for nomen (substantiv, adjektiv og pronomen) og ein rik verbmorfologi. Kasussystemet består av 3 grammatiske og 11 adverbiale kasus. Dei grammatiske er nominativ (for subjekt og predikativ), genitiv (for objekt, possessiv og komplement til postposisjonar) og partitiv (for objekt og etter talord). Dei adverbiale kasusa dannar eit 2 × 3-system, med to TIL-kasus, to I/PÅ-kasus og to FRÅ-kasus, skilnaden mellom dei to er INNI vs. PÅ. Det same systemet finst i finsk. Estisk har også fire lokalkasus som fell utanfor dette systemet (terminativ, essiv, abessiv og komitativ), dei såkalla ni-na-ta-ga-kasusa, etter suffiksa deira, desse kasusa skil seg frå dei andre kasusa ved at adjektiv ikkje kongruerer med substantivet i desse kasusa, men i staden står i genitiv.

Verba kongruerer med subjektet i person og tal. Som i mange uralske språk er negasjon eit verb, men dette verbet kongruerer ikkje med subjektet.

Adjektiva kongruerer med substantivet i kasus og tal, bortsett frå for ni-na-ta-ga-kasusa. Adjektiva har også gradbøying.

Syntaks[endre | endre wikiteksten]

Hovudlartikkel: Estisk syntaks

Som kasusspråk har estisk relativt fri ordstilling, men den vanlegaste ordstillinga i heilsetningar er i likskap med norsk SVO. Som einaste uralske språk har estisk subjekt-verb-inversjon. På same måten som i norsk heiter det Eile läks Peeter Pärnusse, «I-går drog Peeter til-Pärnu», der det på finsk vil heite Eilen Peeter lähti Pärnuun «I-går Peeter drog til-Pärnu». Dette fenomenet er lånt frå germansk, og døme på eit Sprachbund-fenomen.

Ordforråd[endre | endre wikiteksten]

Lånord[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om basisordforrådet utan tvil er finsk-ugrisk, har estisk lånt svært mykje frå indoeuropeiske språk, både når det gjeld ordstammer, «omsetjingslån», idiomatiske uttrykk og til ein viss grad syntaks. Særleg har estisk i likskap med dei skandinaviske språka mange lånord frå lågtysk.

Purisme[endre | endre wikiteksten]

Estisk var i mange hundre år sterkt påverka av tysk, men gjekk gjennom ein periode med sterk purisme i andre halvdel av 1800-talet. Purismen var inspirert av tilsvarande diskusjonar i Finland, og mange tyske lånord vart erstatta med estiske ord, også med omsetjingslån frå finsk.

Skriftsystem[endre | endre wikiteksten]

Estisk blir skrive med det latinske alfabetet med ein del tilleggsbokstavar: Aa, Bb, Cc, Dd, Ee, Ff, Gg, Hh, Ii, Jj, Kk, Ll, Mm, Nn, Oo, Pp, Qq, Rr, Ss, Šš, Zz, Žž, Tt, Uu, Vv, Ww, Õõ, Ää, Öö, Üü, Xx, Yy. Av desse blir f, š, z, ž, c, q, w, x, y brukt berre i lånord.

Estisk språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Indre språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Estisk høyrer til den sørlege greina av dei austersjøfinske språka.

Ytre språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Estisk vart, som ein av dei første uralske språka (berre ungarsk og komi var tidlegare), skriftfesta på første halvparten av 1500-talet, som resultat av reformasjonen. Med ei tyskspråkleg overklasse var språket lite i bruk, men Thor Helle si nordestiske omsetjing av Bibelen i 1739 fungerte i praksis som normbase for nordestisk.

1800-talet vart situasjonen med to ulike skriftspråk sett på som meir og meir problematisk. I tidsskriftet Beiträge zur genauern Kenntnisz Estnischen Sprache vart det skrive artiklar som argumenterte for å samle seg om eitt skriftspråk.

Det estiske sjølvstendet i 1919 førte til at estisk for første gong vart statsberande språk. Under den sovjetiske perioden var estisk, etter prinsippa i den sovjetiske språkpolitikken, offisielt språk i den estiske sosialistiske rådsrepublikken. Estarane hadde heile skolegangen sin, inkludert høgare utdanning, på estisk, men doktorgradar måtte bli skrive på russisk, eller i det minste ha eit såkalla autoreferat (eit kort samandrag) på russisk. Russiskspråklege sovjetborgarar var som regel einspråklege i russisk.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Her kjem ein kort tekst, kapittel 11, vers 7–8 frå Matteusevangeliet, på estisk, finsk og norsk.

Estisk Finsk Norsk
Aga kui need ära läksid, hakkas Jeesus rahvale rääkima Johannesest: „Mida te olete läinud välja kõrbe vaatama? Kas pilliroogu, mida tuul kõigutab? Heidän mentyään Jeesus alkoi puhua ihmisille Johanneksesta: "Mitä te lähditte autiomaahan katsomaan? Ruokoako, jota tuuli huojuttaa? Då dei gjekk bort, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: «Kva gjekk de ut i øydemarka for å sjå? Eit sivstrå som svaiar i vinden?
Või mida te olete välja läinud vaatama? Kas inimest, kes on riietatud peente riietega? Vaata, kes kannavad peeni riideid, need on kuningate kodades. Vai mitä odotitte näkevänne? Kenties hienosti pukeutuneen miehen? Kuninkaanlinnoista te niitä löydätte, jotka hienostelevat vaatteillaan! Nei! Kva gjekk de ut for å sjå? Ein mann med fine klede? Dei som går i fine klede, held til i slotta hos kongane.

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediaestisk

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Erelt, Mati (red.) 2003: Estonian language. Linguistica Uralica Supplementary Series Volume 1. Tallinn: Eesti Teaduse Akadeemia Kirjastus.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Austersjøfinske språk
estisk | finsk | ingrisk | karelsk | kvensk | livisk |
livvisk | meänkieli | vepsisk | votisk | sørestisk