400-talet fvt.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå -420)
Innhaldsliste |
[endre] Viktige hendingar i 400-talet f. Kr.
- Aten og andre greske byar opplevde ei kulturell og politisk stordomstid.
- Utviklinga av klassisk gresk filosofi som la grunnlaget for seinare europeisk tenking.
- Persarkrigane. Hellas blei invadert av Persarriket to gonger.
- Demotisk blei den viktigaste skrifttypen i det gamle Egypt.
- 499 fvt.: Persarkrigane tok til med det joniske opprøret mot Persarriket, starta av Aristagoras, leiaren av Milet.
- 490 fvt.: Persarkrigane. Darius av Persarriket sende ein hær over Egearhavet mot Aten og Eretria som straff for at dei hadde støtta greske opprørarar i Vesle-Asia i 499 f. Kr.. Eretria blei plyndra og bunden, men Aten blei redda i Slaget ved Maraton. Bodberaren Philippides skal ha sprunge fire mil til Aten med bodskapen «Νενικήκαμεν» (nenikekamen, 'vi vann'), før han fall saman og døydde.
- 447 fvt.: Bygginga av Parthenon i Aten tek til
- 447 fvt.: Atenarane vert drivne ut av Boiotia etter slaget ved Koroneia. Det peloponnesiske forbundet og det atenske sjøforbundet inngår ein fredsavtale som skal vara i 30 år.
- 447 fvt.: Akhaios av Eretria framfører det første stykket sitt.
- 431 fvt.: Peloponnesarkrigen tok til.
- 412 fvt.: Alkibiades forhandla fram ein allianse mellom Sparta og Persia men mista støtte i Sparta og gjekk over til persarane.
- 412 fvt.: Atenarane røysta for å bruka dei siste midla sine til å bygga ein ny flåte.
- 412 fvt.: Den ionske byen Klazomenai (latin Clazomenae, moderne tyrkisk Kelisinan) gjorde opprør mot Aten men blei overvunnen.
- 412 fvt.: Euripides skreiv skodespelet Elektra.
- 404 fvt.: Peloponnesarkrigen tok slutt då Aten kapitulerte for Sparta.
- 404 fvt.: Artaxerxes II blei keisar i Persarriket etter faren Darius II
- 404 fvt.: Amyrtaios erklærte seg sjølv konge av Egypt i opprør mot dei persiske herskarane. Dette er rekna som slutten på det tjuesjuande egyptiske dynastiet.
[endre] Viktige personar
Statue av Buddha.
- Pythagoras frå Samos, gresk matematikar (582-496 f.Kr.)
- Gautama Buddha, grunnleggjaren av buddhismen (ca. 563-483 f.Kr.)
- Konfutse, grunnleggjaren av konfusianismen (551-479 f.Kr.)
- Aiskhylos av Aten, gresk skodespelforfattar (525-456 f. Kr.)
- Darius I av Persarriket (regjerte 521-485 f.Kr.)
- Sofokes av Aten, gresk skodespelforfattar (496-406 f.Kr.)
- Perikles av Aten, gresk politikar (ca. 495-429)
- Herodot av Halikarnassos, gresk historikar (rundt 485 f.Kr.)
- Evripides av Aten, gresk skodespelforfattar (ca. 480-406 f.Kr.)
- Sokrates av Aten, gresk filosof (470-399 f.Kr.)
- Aristofanes av Aten, gresk skodespelforfattar (ca. 446-385 f.Kr.)
- Darius II av Persarriket, styrte 423-404 f.Kr.)
- Zengzi, student av Konfutse (505-436 f.Kr.)
[endre] Fødde
[endre] Døde
<< | -499 | -498 | -497 | -496 | -495 | -494 | -493 | -492 | -491 | -490 | -489 | -488 | -487 | -486 | -485 | -484 | -483 | -482 | -481 | -480 | -479 | -478 | -477 | -476 | -475 | -474 | -473 | -472 | -471 | -470 | -469 | -468 | -467 | -466 | -465 | -464 | -463 | -462 | -461 | -460 | -459 | -458 | -457 | -456 | -455 | -454 | -453 | -452 | -451 | -450 | -449 | -448 | -447 | -446 | -445 | -444 | -443 | -442 | -441 | -440 | -439 | -438 | -437 | -436 | -435 | -434 | -433 | -432 | -431 | -430 | -429 | -428 | -427 | -426 | -425 | -424 | -423 | -422 | -421 | -420 | -419 | -418 | -417 | -416 | -415 | -414 | -413 | -412 | -411 | -410 | -409 | -408 | -407 | -406 | -405 | -404 | -403 | -402 | -401 | -400 | >>