Sokrates

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sokrates

Fødd469 f.Kr.
Alopeke, Aten
Død15. februar 399 f.Kr.
Aten
NasjonalitetAntikkens Athen
Områdefilosofi, epistemologi, etikk
Yrkefilosof, lærar, skribent, etiker
EktefelleXanthippe, Myrto
BarnLamprokles, Menexenos
Medlemboule

Sokrates (ca. 470 f.Kr.–7. mai 399 f.Kr.) var ein gresk tenkjar og filosof frå Aten. Han blir rekna som ein av grunnleggjane av vestleg filosofi. Sokrates vende filosofien vekk frå naturen og mot mennesket.[1]

Den viktigaste kjelda til informasjon om Sokrates var gjennom Platon. Sokrates skreiv aldri ned sine tankar eller idear sjølv,[2] men blei forfatta av Platon og Xenofon, som var to av Sokrates sine elevar. I Platons dialogar skildra han Sokrates som ein lærar som avstod frå å ha elevar.

Sokrates var oppteken av å oppklåra uklårleik og finna definisjonar på omgrep gjennom filosofisk samtalekunst, ved å stilla spørsmål og oppklåra i dialog med andre menneske.

Sokrates møtte mykje motstand i Aten, hovudsakeleg fordi han kalla atenarar uvitande og tåpelege og kritiserte sterkt demokratiet, som atenarane elska. Han blei tiltala for blasfemi og for å forderva ungdomar.[3] Sokrates blei dermed dømd, og hadde mogelegheita til å leva i eksil eller møte opp i rettsaka der han skulle få dødsstraff ved å drikka frå giftbegeret. Han valte dødsstraff med grunngjevinga at det uutforska livet ikkje er verdt å leva.[4][5]

Etikk[endre | endre wikiteksten]

Sokrates er ein sentral filosof innanfor dygdsetikken. Ein må ha innsikt for å handla rett. Han meinte at dygd og viten var det same,[6] og at lykke hengde saman med desse to omgrepa. Lykke kom med innsikt i sitt eige liv og vala sine. Det å vera lykkeleg innebar at ein i livet, som ein heilskap, dugde og hadde velutvikla dygder (karaktertrekk). Gjorde ein det som var rett hadde ein lykke, dette fekk ein innsikt i om ein hadde kunnskap. Dersom ein ikkje hadde kunnskap, kunne ein ikkje handla rett, ergo handla ein umoralsk.[7]

Sokrates skilde òg mellom det å overtala og det å prova.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fossheim, Hallvard (21. april 2022). «Sokrates». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. «Socrates | Biography, Philosophy, Method, Death, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 13. september 2022 
  3. «Why did Athens condemn Socrates to death? | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 13. september 2022 
  4. «Plato, Apology, section 38a», www.perseus.tufts.edu, henta 13. september 2022 
  5. «Why didn’t Socrates try to escape his death sentence? | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 13. september 2022 
  6. «Sokrates – græsk filosof | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), henta 12. september 2022 
  7. Jan Erik Auen. «Sofistene og Sokrates: «Hva er det gode liv?»». 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sokrates
Spire Denne filosofiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.