Viotía
| Periferieininga Viotía Περιφερειακή ενότητα Βοιωτίας |
|
|---|---|
|
|
| Periferi | Sentral-Hellas |
| Hovudstad | Livadiá |
| Folketal | 117 920 (2011) Rangering 27. |
| Areal | 2 952 km² Rangering 16. |
| Folketettleik | 40/km² |
| Kommunar | 6 |
| Postnummer | 32x xx, 190 12 |
| Retningsnummer | 26x0 |
| Bilnummer | BI |
| Heimeside | www.viotia.gr |
Periferieininga Viotía (gresk Περιφερειακή ενότητα Βοιωτίας, Periferiakí enótita Viotías), òg kalla Boiotia, er ei periferieining i Hellas i periferien Sentral-Hellas. Hovudstaden er Livadiá. Den to største byane er dei om lag like store Livadiá og Thíva.
Viotía grensar til Vest-Attikí og Aust-Attikí i sør, Fthiótida i nord, Fokída i vest og til Korintbukta i sørvest. Utanfor kysten i nordaust ligg øya Évvia, bunde til fastlandet med to bruer, den eine i byen Khalkída og den andre noko sør for byen. Kring Khalkída høyrer eit stykke av fastlandet til periferieininga Évvia, medan Viotía når ut til havet på båe sider, i nord til Nord-Évvia-bukta, i sør til Sør-Évvia-bukta.
Innhaldsliste |
Geografi [endre]
I vest ligg fjellet Parnassós, der det einaste skisenteret i prefekturet ligg. I sørvest ligg Elikónas og i aust Párnitha.
Den lengste elva er Kifisós, som renn gjennom dei lågareliggande områda i den sentrale delen av Viotia. Kifisós rann tidlegare ut i Kopaídasjøen, men etter at denne vart tørrlagd, endar ho no i Ylíkisjøen.
Klima [endre]
Klimaet varierer frå svært varme somrar til milde og kjølige vintrar. Dei nordlege og austlege områda har størst sannsyn for å få skya vêr utover dagen. Områda over tusen meter har ofte kalde forhold med snø om vinteren.
Administrativ inndeling [endre]
Tidlegare var Viotía eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i seks kommunar.
| Periferieining | Kommune | Tidlegare kommune |
Postnummer |
|---|---|---|---|
| Viotía | Dístomo-Arákhova-Andíkyra | Dístomo | 320 05 |
| Arákhova | 320 04 | ||
| Andíkyra | 320 12 | ||
| Livadiá | Livadiá | 321 00 | |
| Dávlia | 320 08 | ||
| Kherónia | 321 00 | ||
| Korónia | 320 07 | ||
| Kyriáki | 320 06 | ||
| Orkhomenós | Orkhomenós | 323 00 | |
| Akrefnía | 322 00 | ||
| Aliártos | Aliártos | 322 01 | |
| Thespiés | 320 02 | ||
| Thíva | Thíva | 322 00 | |
| Plateés | 322 00 | ||
| Thísvi | 320 10 | ||
| Vája | 320 02 | ||
| Tanágra | Tanágra | 322 00 | |
| Dervenokhória | 190 12 | ||
| Inófyta | 320 11 | ||
| Skhimatári | 320 09 |
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Boeotia Prefecture frå Engelsk Wikipedia .
