9 x 19 mm Parabellum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

9 x 19 mm Parabellum, som er ein patron med måla 9x19mm, og som no er standard NATO-ammunisjon for pistolar og maskinpistolar, vart introdusert av den tyske våpenprodusenten DWM for lugerpistolen deira. Det var ein kraftigare versjon av den tidlegare 7,65 mm Parabellum som dei første lugerpistolane bruka. Han har vorte den mest utbreidde pistolpatronen i verda, og blir i tillegg bruka i ein del karabinar og i dei fleste maskinpistolar etter andre verdskrigen. Namnet Parabellum kjem frå det gamle latinske mottoet «Si vis pacem, para bellum!» - «Om du søkjer fred, ver budd på krig», som au var DWM sitt motto.

Patronen vart utvikla i 1902, og presentert for britiske, amerikanske og tyske militære styresmakter i åra 1902-1904. Den tyske hæren vedtok å gjera Luger til tenestepistol i 1908, og da i 9 x 19 mm Parabellum-kaliberet. Etter første verdskrigen vart militære pistolar i dette kaliberet meir vanlege, og etter andre verdskrigen spreidde det seg enda raskare.

Patronar i kaliber 9 x 19 mm Parabellum har vorte produserte av og for meir enn 70 land, og i dag kan dette seiast å vera standardkaliberet for pistolar i mesta heile verda.

9 x 19 mm Parabellum har flat kulebane og moderat rekyl. Det er au ein fordel at patronen er relativt liten og har låge produksjonskostnader. I USA påstår somme at han ikkje har såkalla stoppkraft nok, iallfall ikkje med heilmantelkuler, men han er likevel svært utbreidd der au, både til bruk i det militære tenestevåpenet sidan 1985, Beretta 92F, i mange politidistrikt og blant sivile. I Europa meiner dei fleste at patronen er svært god, og at ein del amerikanske våpensynsarar overdriv trongen for store patronar til dømes til politibruk.

Attåt kaliber 9 x 19 mm Parabellum, blir kaliberet au kalla til dømes 9x19 mm, som måla faktisk er, 9 x 19 mm Luger og 9 x 19 mm NATO.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Engelskspråkleg wikipedia [1]