AS Saint-Étienne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Spelarane på Saint-Étienne etter å ha sikra seg finaleplass i Europacupen 1976, med siger over PSV Eindhoven

Association Sportive de Saint-Étienne Loire, til dagleg nemnd AS Saint-Étienne eller berre Saint-Étienne, er ein fotballklubb i Saint-Étienne i Rhône-Alpes i Frankrike. Klubben, som vart stifta i 1919, spelar i Ligue 1, den øvste divisjonen i Frankrike.

Saint-Étienne er den mest suksessfulle fotballklubben i Frankrike. Med sine ti seriemeisterskap, ingen franske klubbar har så mange, og seks cuptriumfar har klubben flest trofe av franske fotballag. Stordomstida for klubben var perioden 1962 til 1982, då klubben også spela seg fram til ein finale i Europacupen. Den 12. mai 1976 møtte Saint-Étienne den vesttyske toppklubben Bayern München på Hampden Park i Glasgow, og tapte kampen 0-1.

Saint-Étienne spelar heimekampane på Stade Geoffroy-Guichard, eit stadion med plass til 35 616 tilskodarar. Laget spelar i grøne trøyer, kvite bukser og grøne strømper.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]