Saint-Étienne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Saint-Étienne
Vueste1.jpg
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Rhône-Alpes
Loire
Geografi
Flatevidd
 - By

79,97 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik
 - Byområde

180 210
  2 253/km²
321 703
Koordinatar 45°26′05″N 04°23′25″EKoordinatar: 45°26′05″N 04°23′25″E
Høgd over havet 516 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: Offisiell side
Plassering
Map Saint Etienne.png

Saint-Étienne er ein by sentralt i dei austlege områda av Frankrike, 60 km sørvest for Lyon. Han ligg i regionen Rhône-Alpes og er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Loire i Massif Central.

Byen har eit folketal på om lag 180 000, medan storbyområdet i ei folketeljing i 1999 hadde 321 702 innbyggjarar. Innbyggjarar i Saint-Étienne vert kalla stéphanois på fransk. Dei har fått dette namnet fordi «Etienne» er den franske utgåva av det greske namnet Stephanos.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg ved hovudvegen mellom Toulouse og Lyon som går gjennom Massif Central.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På 1500-talet hadde Saint-Étienne ein våpenfabrikk, som gjorde byen til ein viktig stad, men frå 1600-talet vart det òg laga sløyfer og dekorativ utsmykking her. Under den franske revolusjonen vart byen kalla Armeville («Våpenbyen») på grunn av våpenfabrikken. Seinare vart gruvedrift etter kol ei viktig næring i byen, og i nyare tid er byen kjend for produksjon av syklar. Saint-Étienne vart sete for eit postkontor frå 1825 og frå 1832 ein radiolinjestasjon. Byen utvikla seg ikkje i særleg grad før på 1800-talet.

Den første halvdelen av 1800-talet var byen den viktigaste byen i eit arrondissement i departement Loire, med eit folketal i 1832 på 19 672. Då industrien kom til byen steig folketal raskt til 110 000 i 1880. Det var denne veksten som gjorde at byen vart prefecture 25. juli 1855.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Saint-Étienne