PSV Eindhoven
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Philips' Sport Vereniging Eindhoven, til dagleg PSV Eindhoven, er ei nederlandsk er idrettsforeining frå byen Eindhoven i provinsen Noord-Brabant, sør i Nederland. PSV er mest kjend som fotballklubb, og er ein av «dei tre store» profesjonelle fotballklubbane i Nederland saman med Ajax frå Amsterdam og Feyenoord frå Rotterdam.
Høgdepunktet for fotballklubben PSV kom i 1988 då det etter straffesparktevling vart siger i europacupen i 1988. Finalekampen i Stuttgart mot Benfica frå Lisboa hadde enda mållaus. Ti år tidlegare vann PSV UEFA-cupen etter 3-0 over Bastia i avgjerande kamp på heimebane.
Hallvar Thoresen spelte for PSV Eindhoven frå 1981 til -88.
Merittar [endre]
| Trofé | Tal | År |
|---|---|---|
| Serievinnar | 21 | 1929, 1935, 1951, 1963, 1975, 1976, 1978, 1986, 1987, 1988, 1989, 1991, *1992, 1997, 2000, 2001, 2003, 2005, 2006, 2007, 2008 |
| Nederlands-cupen | 8 | 1950, 1974, 1976, 1988, 1989, 1990, 1996 og 2005 |
| Europacupen | 1 | 1988 |
| UEFA-cupen | 1 | 1978 |
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «PSV Eindhoven» frå Wikipedia på bokmål, den 23. februar 2012.