Abel Tasman National Park

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Abel Tasman National Park
Torrent Bay i Abel Tasman National Park.
Torrent Bay i Abel Tasman National Park.
Styresmakter
Land
Region
New Zealand New Zealand
Tasman
Oppretta 1942
Geografi
Flatevidd
 - By

225,41 km²
Koordinatar 40°50′″S 172°54′″EKoordinatar: 40°50′″S 172°54′″E
Tidssone
- Ved sommartid
+12 (UTC)
+13 (UTC)
Næraste by: Motueka
Administrert av Department of Conservation.
Plassering
Abel Tasman National Park is located in New Zealand
Abel Tasman National Park.

Abel Tasman National Park er ein nasjonalpark som ligg heilt nord på SørøyaNew Zealand. Parken vart grunnlagd i 1942, og er med eit areal på berre 225 km², den minste av nasjonalparkane på New Zealand. Landskapet er skogkledd og åslendt nord for elvedalane til Takaka og Riwaka River, og er i nord avgrensa av havet i Golden Bay og Tasman Bay. Han har fått namn etter Abel Tasman, som i 1642 vart den første europeiske oppdagaren som fekk sjå New Zealand.

Abel Tasman National Park strekkjer seg ikkje ut over høgvassmerket i dei tilstøytande kystane. Strandområda mellom gjennomsnittleg flo og og gjennomsnittleg ebbe er i om lag 70 kilometers lengde gjort til naturreservat, og dekkjer i alt 774 hektar.

Det newzealandske miljøverndepartementet, Department of Conservation (DOC) administrer parken. Naturvernområdet er administrert av Tasman District Council (TDC) og Department of Conservation sin konservator i Nelson/ Marlborough. Aktivititetar i tilsstøytande kystfarvatn ligg under ansvaret til TDC i medhald av separate regelverk.

Fotturruta Abel Tasman Coast Track er ei populær turrute som følgjer kystlinja, medan ei innlandsrute, Abel Tasman Inland Track, vert mindre brukt. Kajakkpadling, camping og turisme er andre aktivitetar i parken. Den næraste større byen er Motueka, 20 kilometer mot sør.



Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Abel Tasman National Park