Abisko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Abisko Östra jarnbanestasjon

Abisko, (nordsamisk Ábeskovvu), er ei bygd (småort) ved innsjøen Torneträsk i Kiruna kommune i Sverige. Abisko har om lag 150 innbyggjarar. Staden er ein turiststad med vintersportsanlegg, ein nasjonalpark og ein naturvitskapleg stasjon.

Om lag to kilometer vest for sentrum ligg Abisko turiststation, som er driven av Svenska Turistföreningen. For å skilja mellom desse to stadene vert sentrum gjerne kalla Abisko Östra. Abisko Östra er òg namnet på Abisko sin jarnbanestasjon, som høyrer til Malmbanan. Banen har også stoppestad ved turiststasjonen.

Utsikten over Lapporten er det landskapsmotivet det vert teke flest bilete av i Sverige. Utsiktspunktet er ved Abisko. Staden har ein stor daglegvarebutikk der mesteparten av omsetnaden er grensehandel frå Noreg.

Abisko nationalpark ligg ved Abisko.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]