Naturvitskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Naturvitskap er empirisk vitskap som har som mål å forklare hendingar og lovmessige samanhengar (naturlover) i levande og ikkje-levande natur.

Vitskapane som vert rekna som naturvitskapar er:

Lista er ikkje utfyllande, dette då vitskapane overlappar kvarandre, og at det har oppstått mange forskingsfelt langs desse skjeringslinene. Døme er astrofysikk, biogeografi, geofysikk eller mineralogi.

Medisin og psykologi er i ei viss særstilling. Saman med mange andre vitskapar som er via mennesket, vert desse vanlegvis rekna til samfunnsvitskapane. I den grad medisin og psykologi nyttar naturvitskapelege metodar i sine utgreiingar av mennesket, kan dei i somme høve bli rekna som naturvitskap.

Matematikk er eit viktig hjelpemiddel for samtlege naturvitskapar, men vert ikkje sjølv rekna som naturvitskap (jf. realfag). Dette fordi matematikk ikkje er ein empirisk vitskap.