Afarsenkinga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Aust-Afrika med Afarsenkinga avmerkt. Linjene viser grensa mellom jordskorpeplatene, og trekantane viser vulkanar.

Afar-senkinga (også kalla Danakil-senkinga og Afar-triangelet) er ei geologisk senking ved Afrikas horn, som dekker Eritrea, den etiopiske Afar-regionen og Djibouti. Senkinga omfattar ørkenen Danakil og Asalsjøen, det lågaste punktet i Afrika (155 muh.). Dallol, det varmaste folkesette området på jorda, ligg i Afar-senkinga.

Området er kjend som ei «vogge for menneskja», med rike funn av hominid-fossil og tidlege steinalderverktøy. Ved Gona har ein funne nokre av verdas eldste steinverktøy, og ved Hadar fann ein fossilet «Lucy», eit godt bevart Australopithecus-fossil.

Afarsenkinga ligg ved møtepunktet for tre jordskorpeplater. I dag er senkinga svært varm og tørr. Gjennomsnittstemperaturar er rundt 25 °C i regntida og 48 °C i tørketida. Den høgaste temperaturen ein har målt var 64,4 °C på 1930-talet. Ho er endorheisk nedslagsfelt for Awash-elva, som endar her i ein serie stadig saltare innsjøar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]