Aust-Afrika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aust-Afrika er ein geografisk og kulturell region aust i Afrika. Landa som høyrer til regionen er kyststatane Eritrea, Djibouti, Somalia, Kenya, Tanzania, Mosambik, øystatane Madagaskar, Mauritius, Réunion, Komorane, Mayotte og Seychellane, og innlandsstatane Etiopia, Uganda og Malawi, med Rwanda og Burundi inkludert i nokre definisjonar. Det sørlege Sudan høyrer òg til regionen kulturelt.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Desse landa har hatt påverkingar både frå resten av Afrika og frå Asia, særleg Arabia. Dette ser ein mellom anna ved at islam er ein viktig religion her, og ved at det utbreidde språket swahili har svært mange lånord frå arabisk. Den aust-afrikanske musikken minnar om både arabisk og indisk musikk.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Aust-Afrika er kjend for vill og vakker natur, mellom anna Riftdalen og Kilimanjaro. Kjende afrikanske dyr som elefantar, løver, sjiraffar, sebraer og nashorn finst her mykje av, og mange turistar kjem til nasjonalparkar i området for å sjå desse og andre dyr.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området vart kolonisert av europearar på attenhundretalet, og fleire land opplevde ei tid med uro og eineherskarar etter at dei fekk sjølvstende. Mellom anna vart Uganda styrt av den brutale diktatoren Idi Amin på 70-talet, medan Mosambik var plaga av borgarkig på 80-talet. Etiopia har vore kjend for tørke og svoltkatastrofar. Aust-Afrika er fortsatt prega av indre stridar, fattigdom og AIDS-epidemien, men området er blitt meir stabilt i den siste tida.