Djibouti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
جمهورية جيبوتي


République de Djibouti
Jumhūriyyat Jībūtī
Jamhuuriyadda Jabuuti
(norsk: Djibouti, djiboutisk)

Det djiboutiske flagget Det djiboutiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Djibouti»
Motto Har ikkje
Geografisk plassering av Djibouti
Offisielle språk Arabisk og fransk
Hovudstad Byen Djibouti
Styresett
Republikk
Ismail Omar Guelleh
Dileita Mohamed Dileita
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
23 200 km² (148.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Folketeljing (2002)
 – Tettleik
 
774 389 (159.)
4 298 269
33,4 /km² (135.)
Sjølvstende
Frå Frankrike
27. juni 1977
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
2 099 mill. USD (170.)
2 800 USD (140.)
Valuta Djiboutiske franc
Tidssone UTC +3
Telefonkode +253
Toppnivådomene .dj


Djibouti (arabisk, جيبوتي, Ǧībūtī) er ein republikk på austkysten av Afrika, med grenser til Eritrea, Etiopia og Somalia. Djibouti har ei strategisk viktig plassering ved munningen av Raudehavet med Yemen 20 km ifrå på andre sida.

Innhaldsliste

Historie [endre]

Fleire ulike stammar har halde til i området, men i dag er issaer og afarar dei viktigaste. Stammane har historisk handla mykje med arbarane og blei tidleg muslimar.

1800-talet gjorde Frankrike området til eit protektorat som dei kalla Fransk Somaliland. I 1967 blei namnet endra til Det franske territoriet til afarane og isaene, men i 1977 blei det sjølvstendig under namnet Djibouti.

Ein borgarkrig mellom styresmaktene og afarleiarar tidleg på 1990-talet blei avslutta med ein fredsavtale underskriven i 1994.

Kart over Djibouti

Folkesetnad [endre]

To tredjedelar av innbyggjarane i landet bur i hovudstaden, som òg heiter Djibouti. Resten er stort sett nomadar som lever av husdyrhald.

Dei to største folkegruppene er dei somalitalande issaene, rundt 60 % av alle innbyggjarane, og afarane, på rundt 35%. Resten er europearar, for det meste franskmenn og italienarar, arabarar eller etioparar.

Næringsliv [endre]

Djibouti er ein frihandelssone, og økonomien er forankra i tenester som heng saman med dette. Landet er både transitthamn for regionen og eit internasjonalt skipssenter der skip blir lasta om og tankar drivstoff.

Elles har Djibouti lite industri og få naturressursar, bortsett frå den strategiske plasseringa og ei kystline på 80 mil. Det tørre klimaet hindrar storstilt matproduksjon, og mykje må kjøpast inn utanfrå. Landet har noko eksport av skinn og kaffi.

Klima [endre]

Djibouti har ørkenklima med ekstrem varme. Det lågtliggande kystområde er svært varmt året rundt, men har lågare temperaturar når sola står lågare på himmelen. Mykje av dei indre områda strekk seg over 500-600 m, og temperaturen og fukta er litt lågare enn ved kysten. Dei årlege nedbørsmengdene er under 500 mm, og mange stader berre kring 125 mm. Det regnet som kjem på kysten kjem vanlegvis i perioden november til mars, men i dei indre områda er det meir vanleg med regnbyger frå april til oktober. Landet er periodevis råka av tørke, men stundom òg flaum.

Hovudstaden Djibouti har ein årleg middeltemperatur på 30 °C. Januar er den kaldaste månaden med 25 °C i middel, medan juli er den varmaste med 37 °C (døgnmaksimum 43 C°).