Aker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For det norske industrikonsernet, sjå Aker-konsernet.
Grensestein mellom tidlegare Aker og Oslo fylka, plassert mellom Vålerenga og Etterstad.
Foto: Pål Giørtz

Aker (frå norrønt akr, åker) er eit tidlegare herad i Akershus fylke. Aker kommune vart 1. januar 1948 innlemma i Oslo kommune. Kommunen hadde då 135 000 innbyggjarar og omfatta soknekommunane Ullern, Vestre Aker, Østre Aker og Nordstrand.

Akershus festning, Akershus fylke og det tidlegare lenet og amtet er oppkalla etter Aker, som har vore namnet på ein storgard i nærleiken av Gamle Aker kyrkje i noverande St.Hanshaugen bydel i Oslo. Kyrkja fekk namn etter garden og gav i sin tur namn til soknet og kommunen. Aker omkrinsa Oslo kommune fullstendig. Kyrkjesoknet Aker vart første gong delt i Østre og Vestre Aker i 1861, og i 1906 vart Ullern og Nordstrand utskilt som eigne sogn.

Frå byen Christiania vart skipa i 1624, måtte Aker fleire gonger avstå område til utviding av byen. Første gong då mange gardar vart lagt ut til bymark i 1629. Bymarka låg under den sivile administrasjonen i byen, men høyrde i kyrkjeleg samanhang til Akers sogn. Aker si grense mot Bymarka var på vestsida Skillebekken, på austsida Akerselva. Heile Bymarka og delar av Aker aust for Akerselva vart i 1859 innlemma i byen, og ved ei ny byutviding i 1878 vart grensa flytta der ho gjekk til 1948. Etter at kommunalt sjølvstyre vart innført, bygde Aker herad i 1850-åra sitt administrasjonsbygg på adressa Trondheimsveien 5. Bygget vart fornya i 1941.