Akustisk musikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei gruppe framfører armensk folkemusikk. Framføringa er akustisk, men ein forsterkar er i bruk.

Akustisk musikk viser til musikk der lyden blir spreidd utelukkande eller hovudsakleg ved hjelp av luft i ein resonator eller klangkasse. Han skil seg dermed frå musikk laga med elektriske eller elektroniske hjelpemiddel. Omgrepet blei danna som eit retronym etter oppfinninga av elektriske instrument som elektrisk gitar, bassgitar, el-orgel og synthesizer.[1]

Mange musikkinstrument finst både i «akustiske» og elektriske utgåver, som (akustisk) gitar og elektrisk gitar. Ofte kan ein bruka elektroniske forsterkarar også i akustisk musikk, men denne er separat frå instrumentet, som dannar sjølve lyden.

Det aller meste av musikk laga fram til 1900-talet var akustisk. I dag er typen særleg vanleg innan visse sjangrar, som tradisjonell folkemusikk, klassisk musikk, visemusikk og countrymusikk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Engelsk Wikipedia oppgav Safire, William, «On Language: Retronym», New York Times Magazine, January 7, 2007
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.