Albanosjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Albanosjøen
Albanosjøen - Castel Gandolfo ved Albanosjøen
Castel Gandolfo ved Albanosjøen
Albanosjøen is located in Italia
Stad Albanarfjella
Koordinatar 41°45′0″N 12°39′54″EKoordinatar: 41°45′0″N 12°39′54″E
Type innsjø Kratersjø
Tilknytte land Italia
Største lengde 3,5 km
Største breidde 2,3 km
Overflateareal 6 km²
Største djupne 170 m

Albanosjøen eller Albanersjøen er ein liten kratersjø i Albanarfjella i Lazio i Italia, om lag 25 km søraust for Roma. På ei høgd over innsjøen ligg Castel Gandolfo, der paven har ein villa.

I Romarriket vart han kalla Albanus Lacus og i nærleiken stod Alba Longa.

Med eit djup på opp til 170 meter er han den djupaste i Lazio. Han er om lag 3,5 km lang og 2,3 km brei og er danna av to vulkankrater. Ryggen mellom dei to kratera ligg midt i innsjøen på 70 meters djup.

Under Sommar-OL 1960 i Roma vart øvingane i roing halde her.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Albanosjøen

Kjelde[endre | endre wikiteksten]