Aleksandr Zinovjev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aleksandr Aleksandrovitsj Zinovjev (russisk Алекса́ндр Алекса́ндрович Зино́вьев) (29. oktober 192210. mai 2006) var ein internasjonalt kjend logikar, sosiolog og forfattar frå Russland.

Han var son av ein fattig russisk bonde og utmerkte seg som jagarpilot under den andre verdskrigen og seinare som forskar. Han vart professor og internasjonalt anerkjend innan feltet logikk. Etter dette ofran han frivillig samfunnsstatusen sin i 1970-åra med kritiske utsegner mot det politiske systemet i Sovjetunionen og vart til slutt sendt i eksil i 1978 for romane sine Gapende høyder (1977, omsett til norsk 1982) og Den lyse fremtid (1978, omsett til norsk 1980). Han heldt fram å utvikle ideane sine om samfunnet og la dei fram i forfattarskapen sin. Han skapte sin eigen orignale sjanger, sosiologisk roman.

Han kom tilbake til Russland i 1999 etter 21 år i eksil, men var kontroversiell. Mellom anna støtta han Slobodan Milošević og såg på Josef Stalin som eit av dei største mennska i historia.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Независимая Газета http://www.peoples.ru/art/literature/prose/roman/alexander_zinoviev/