Alençon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alençon
Rådhuset i Alençon
Rådhuset i Alençon
Byvåpenet til Alençon
Byvåpenet til Alençon
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Basse-Normandie
Orne
Geografi
Flatevidd
 - By

10,68 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik
 - Storbyområde

28 935
  2 935/km²
52 000
Koordinatar 48°26′″N 00°05′″EKoordinatar: 48°26′″N 00°05′″E
Høgd over havet 135 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 61000
Heimeside: www.ville-alencon.fr

Alençon er ein by og kommune nordvest i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Orne i regionen Basse-Normandie og har om lag 30 000 innbyggjarar. Storbyområdet til Alençon har 52 000 innnbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Alençon vart sannsynlegvis grunnlagd på 300-talet, men namnet vart først sett i dokument frå 600-talet. På 900-talet var Alençon ein bufferstat mellom Normandie og Maine. I 1047 omleira Vilhelm I av England, konge av England, byen. Innbyggjarane fornærma Vilhelm med å henge dyreskinn på veggane for å gjere narr av at han var ein uekte son av Hertug Robert og dottera til ein garvar. Då han erobra byen kutta Vilhelm hendene av alle innbyggjarane som hemn. Alençon vart okkupert av engelskmennene under krigen mellom England og Normandie frå 1113 til 1203.

Byen vart sete for eit hertugdøme i 1415, som høyrte til sønene til kongen av Frankrike fram til den franske revolusjonen, og nokre av dei spelte viktige roller i fransk historioe. Den franske revolusjonen skapte relativt lite uorden i dette området, sjølv om det var enkelte rojalistar som gjorde opprør i nærleiken.

Tekstilindustrien førte til den kjende point d'Alençon-blonden. Den økonomiske utviklinga på 1800-talet og den industrielle oppsvingen stod fleire fabrikkar for, og transportnettverk som jernbane og vegar vart utvikal. Den første halvdelen av 1900-talet utvikla byen ein blømande trykkeindustri.

Den 17. juni 1940 okkuperte tyskarane Alençon. 12. august 1944 vart Alençon den første franske hæren som vart frigjeve av den franske hæren under General Leclerc, etter mindre bombeskadar.

Etter krigen auka folkesetnaden kraftig og nye industriar vart oppretta. Mange av desse omhandla plastikk og Moulinex var ein stor sysselsetjar fram til Moulinex-fabrikkane vart lagt ned over heile Frankrike i 2001.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alençon