Alenka Bratušek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alenka Bratušek i september 2012.
Foto: Nataša Pelko.

Alenka Bratušek (fødd 31. mars 1970 i Celje) er ein slovensk politikar som representerer Pozitivna Slovenija (PS). Ho har site som statsminister i landet sidan januar 2013, og er den fyrste kvinnelege statsministeren i Slovenia sidan sjølvstendet i 1991. Alenka Bratušek er busett i Kranj, der ho har sambuar og to born.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Alenka Bratušek har ein mastergrad i administrasjon frå universitetet i Ljubljana. Etter studietida arbeidde ho i seks år som leiar for statsbudsjettdirektoratet ved det slovenske finansdepartementet.

Bratušek freista å koma inn på nasjonalforsamlinga for partiet Zares i 2008, men utan hell. Under valet i 2011 vart ho innvald som parlamentsmedlem som representant for Pozitivna Slovenija. Sidan dette valet har Bratušek vore formann for parliamentet sin budsjettskontrollkomitté.

I 2013 vart Bratušek sett som midlertidig leiar for Pozitivna Slovenija etter at forgjengaren Zoran Janković trekte seg frå alle verv grunna ein rapport frå komittéen som arbeider mot korrupsjon i landet. Som følgje av den same rapporten vart koalisjonsregjeringa til Janez Janša (det slovenske demokratiske partiet), vist mistillit. Pozitivna Slovenija, Sosialdemokratane, Dei liberale og Pensjonistpartiet bestemte seg for å nytta Bratušek som ny statsministerkandidat. Den 27. februar fekk den politisk ukjende Alenka Bratušek i oppdrag å danna ny regjering i Slovenia i løpet av to veker. [1]

Regjeringa Bratušek stod klar etter ei avrøysting den 20. mars, der 52 av 90 folkerepresentantar røysta for den nye koalisjonsregjeringa. Regjeringa står framfor store utfordringar grunna økonomiske vanskar i landet, [2]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]