Kranj
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Kranj | ||
|---|---|---|
| Plassering | ||
|
|
||
| Styresmakter | ||
| Land | ||
| Borgarmeister | Damijan Perne | |
| Geografi | ||
| Flatevidd - By |
148 km² |
|
| Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
53 000 358,1 /km² |
|
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Høgd over havet | 350-406 moh | |
| Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
|
| Diverse annan informasjon | ||
| Postnummer | 4000 | |
| Retningsnummer (tlf) | (+386) 04 | |
| Bilnummer | KR | |
| Nettstad: www.kranj.si | ||
Kranj (tysk Krainburg) er den tredje største byen kommunen og den fjerde største byen i Slovenia med om lag 53 000 innbyggjarar (2007). Han ligg om lag 20 km nordvest for Ljubljana. Han er eit senter i Kranjska, nordvest i Slovenia, og er hovudsakleg ein industriby med industriar som elektronikk og gummi. Den historiske regionen Kranjska er kalla opp etter byen, som var hovudstad i denne regionen tidleg i mellomalderen.
Byen er òg kjend for idrettsanlegga, mellom anna fotball, tennis og basketball, samt det største symjeanlegget i landet, der mellom anna europameisterskapen i vasspolo vart halde i 2003.
Sentrum i byen består av ein godt bevart gamleby frå mellomalderen. Dette området ligg mellom elvane Kokra og Sava.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Kranj» frå Wikipedia på engelsk, den 25. april 2009.