Alexander Agricola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Verket Fortem virii av Agricola.

Alexander Agricola, fødd Alexander Ackerman i 1445 eller 1446 i Gent, død 15. august 1506 var ein fransk-flamsk renessansekomponist. Han skreiv messer, motettar, vokalmusikk og instrumentalmusikk.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Ein veit i dag svært lite om Agricolas tidlege liv. Noko forsking tyder på at han vart fødd som Alexander Ackerman utanfor ekteskap og at foreldra hans var den velståande Heinric Ackerman og handelskvinna Lijsbet Naps. Han skal ha opphalde seg i Cambrai i 1476, truleg tilsett som kyrkjesongar, men elles finst det få sikre kjelder om kva slags musikalsk inspirasjon og utdanning Agricola fekk.

Det neste sikre provet frå Agricolas liv er frå 1490-åra. På denne tida var han medlem i hoffkapellet til kong Karl VIII av Frankrike, m.a. saman med Johannes Ockeghem. I 1491 skal han ha forlate kapellposten sin utan lov for å reisa til Italia. Han oppheldt seg i Mantova og reiste derifrå til Firenze. Frå hausten 1491 til våren 1492 var han kyrkjesongar ved katedralen i Firenze, saman med m.a. Heinrich Isaac. I mai 1492 skal Agricola ha fått eit brev frå franskekongen om å venda attende til hoffet hans, men Agricola reiste fyrst til Napoli, der han oppheldt seg ved hoffet til Ferdinand I i fire veker. Deretter for han til Roma og Firenze før han reiste tilbake til det franske hoffet same året. To år seinare vendte han tilbake til hoffet i Napoli, men utan å verta tilsett. På denne tida var Agricola ein verdsett europeisk komponist.

I år 1500 vart han kantor i kapellet hjå Filip, konge av Castilla og hertug av Burgund. Frå 1501 til 1503 var han på ferd i Spania saman med kongen. I 1506 reiste Agricola til Spania saman med Filip andre gongen, men på seinsommaren døydde Agricola av pest i nærleiken av Valladolid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]