Alexander Roslin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alexander Roslin

Statsborgarskap Sverige
Fødd 15. juli 1718
Malmö S:t Petri församling
Død

5. juli 1793 (74 år)
Paris

Yrke kunstmålar, portraitist
Sjanger portrett
Medlem av Académie royale de peinture et de sculpture, Det kongelege svenske kunstakademiet, Accademia delle Arti del Disegno
Ektefelle Marie-Suzanne Roslin
Born Joseph Alexandre Roslin
Signatur
Alexander Roslin på Commons
Damen med slöjan (1768). Nationalmuseum i Stockholm
Friherrinnan de Neubourg-Cromière (1756)

Alexander Roslin (15. juli 17185. juli 1793) var ein svensk portrettmålar fødd i Malmö. Frå 1750-talet arbeidde han hovudsakleg i Paris, der han også døydde.

I Paris fekk Roslin eit stort rykte, og vart innvald i det franske kunstakademiet. Dei tidlege portretta hans er utførte i lyse og svale fargar og viser innflytnad frå Jean-Marc Nattier, til dømes portrettet Friherrinnan de Neubourg-Cromière (1756). På 1760-talet kan ein merke tendensar til formstrengare og fargekraftigare måleri, til dømes portrettet av hustrua, Damen med slöjan (1768), og Familjen Jennings (1769).

Roslin var framfor alt ein meisterleg skildrar av stoff og karnasjon men kunne også måle psykologiskt inntrengande portrett. Han viste ei blanding av lydhøyre for smaken på den tida og skikkeleg måling. Denne kombinasjonen gjorde stor lukke i det parisiske aristokratiet.

Han gifta seg i 1759 med Marie-Suzanne Giroust.

Verk[endre | endre wikiteksten]

(i utval)

  • Friherrinnan de Neubourg-Cromière (1756)
  • Damen med slöjan (1768)
  • Carl von Linné (1775)
  • Familjen Jennings (1769)
  • Zoie Ghika (moldavisk prinsesse) (1777)

Damen med slöjan er attgjeve av det svenske postverket på eit av merka i frimerkeserien Gustaviansk konst frå 1972.

Portrettet han måla av av Linné finst på to av frimerka som vart utgjevne ved Kungliga Vetenskapsakademien sitt 200-årsjubileum i 1939.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bjurström, Per, Roslin. Höganäs: Wiken 1993.