Alexandra Park i London

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Alexandra Park er ein stor park i London Borough of Haringey i Stor-London. Han dekkjer eit areal på heile 79,3 hektar. Parken ligg på ein ås, rett ved sida av Muswell Hill og Wood Green. Dominerande i parken er palasset Alexandra Palace. Frå 1936 til 1981 overførte BBC fjernsynssendingar frå ei høg mast på eit av tårna i bygget. I 1980 brann store delar av palasset ned, men det har seinare blitt restaurert og er nå eit konferanse- og utstillingssenter.