Alfa Romeo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alfa Romeo Super Sport frå 1929

Alfa Romeo er eit italiensk bilmerke, grunnlagt i Milano i juni i 1910. Føretaket heite opphavleg Anonima Lombarda Fabbrica Automobili (ALFA). Frå 1933 til 1986 var Alfa Romeo eigd av den italienske staten, gjennom statsselskapet IR. Frå 1986 har Alfa Romeo vore ein del av Fiat. Alfa Romeo legg vekt på å laga bilar med sportslege køyreeigenskapar og italiensk formgjeving. Utviklingsavdelinga arbeider uavhengig av utviklingsavdelinga til Fiat.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Alfa HP24 frå 1910.
Alfa Romeo 8C frå 1938.

Den fyrste spira til føretaket er frå 1906, då Cavaliere Ugo Stella frå Milano, saman med det franske føretaket Alexandre Darracq stifta Società Anonima Italiana Darracq (SAID). I byrjinga produserte føretaket Darracqbilar i Napoli, men etter ei tid vart samarbeidet avslutta og Stella stifta, saman med andre italienske investorar, føretaket Anonima Lombarda Fabbrica Automobili (ALFA) og starta produksjon i ein tidlegar Darracqfabrikk i ein av forstadane til Milano, Portello. Den fyrste bilen til det nye føretaket var konstruert av Giuseppe Merosi og hadde ei motoreffekt på 24 hk, som vart set i produksjonen i 1910. Merosi konstruerte mange andre bilar for Alfa, med motoreffekt opp mot 60 hk. Alfa sine bilar var heilt frå starten nytta i motorsport og i 1911 nytta dei to førarane Franchini og Ronzoni Afla med motorar på 24 hk i Targa Florio.

Då fyrste verdskrig braut ut vart Alfa leia av Nicola Romeo, som la om produksjonen til krigsmateriale, som flymotorar, lokomotiv, vedgassgeneratorar, kompressorar og ammunisjon. Det vart difor eit opphald i bilproduksjonen frå 1916 til 1919. Då krigen var over fekk Romeo full kontroll over føretaket og i 1920 vart namnet endra til Alfa Romeo. Alfa Romeo 20/30 HP var den fyrte bilen med det nye namnet.

I 1920 vann Giuseppe Campari eit billøp i Mugello og Enzo Ferrari kom på 2. plass i Targa Florio, begge med Alfa Romeo. Desse bilane var konstruerte av Giuseppe Merosi, som òg stod for konstruksjonen av mange andre av Alfa Romeo sine bilar. I 1923 tok Vittorio Jano, som tidlegare hadde vore tilsett hjå Fiat, over som sjefskonstruktør. Den fyrste bilen han konstruerte for Alfa Romeo var resarbilen Alfa Romeo P2, som vann Grande Prix i 1925.


Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alfa Romeo


Italienske bilprodusentar
Alfa Romeo | Ferrari | Fiat | Lamborghini | Lancia | Maserati


Fiatgruppa

Abarth | Alfa Romeo | Autobianchi | Ferrari | Fiat | Innocenti | Iveco | Lancia | Maserati | CNH Global