Alfred Noyes
Alfred Noyes (16. september 1880–28. juni 1958) var ein engelsk diktar, best kjend for balladane The Highwayman (1906) og The Barrel Organ.
Noyes vart fødd i Wolverhampton som son av Alfred og Amelia Adams Noyes. Noyes gjekk på Exeter College, men slutta før han fullførte studia. 21 år gammal ga han ut si første diktsamling, The Loom years.
I 1907 gifta han seg med Garnett Daniels. Han fekk etterkvart moglegheit til å undervise engelsk litteratur på Princeton University, noko han gjorde frå 1914 til 1923. Noyes si kone døydde i 1926, noko som gjorde at han konverterte til katolisismen. Han skreiv om konverteringa i The Unknown God som blei utgjeve i 1934.
Noyes gifta seg seinare med Mary Angela Mayne Weld-Blunde, frå ein recusant-katolsk familie. Dei slo seg ned i Lisle Combe, nær Ventnor på Isle of Wight og fekk tre born: Henry, Veronica og Margaret. Margaret gifta seg seinare med Micheal Nolan (seinare Lord Nolan) i 1953.
Han begynte seinare å diktere arbeidet sitt på grunn av aukande blindheit. I 1953 kom sjølvbiografien hans, Two Worlds for Memory ut.
Noyes døydde 78 år gammal og vart gravlagd på Isle of Wight.