Almsee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Almsee
Almsee - Almsee
Almsee
Stad Øvre Austerrike
Koordinatar 47°45′N 13°57′E
Utsig Alm
Største lengde 2,3 km
Største breidde 700 m
Overflateareal 0,9 km²
Største djupne 9 m
Høgd over havet 589 m

Almsee er ein innsjø i Øvre Austerrike i Almtal, sør for byen Grünau im Almtal. Innsjøen ligg i dei nordlege områda av fjella Totes Gebirge og er om lag 2,3 km lang og 700 m brei. Vatnet frys til kvar vinter, og det er ein populær stad for å stå på skeiser og spele curling. Svømming, bading og dykking er derimot forbode på grunn av det rike fiskelivet. Av fiskeartane i innsjøen finn ein bekkerøye, røye, bekkeaure, regnbogeaure og harr.

Konrad Lorenz gjorde viktige observasjonar av grågåsa i innsjøen.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.