Bekkerøye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bekkerøye
Bekkerøye
Bekkerøye
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Overorden: Protacanthopterygii
Orden: Laksefiskar Salmoniformes
Familie: Laksefamilien Salmonidae
Underfamilie: Salmoninae
Slekt: Salvelinus
Art: Bekkerøye S. fontinalis
Vitskapleg namn
Salvelinus fontinalis

Bekkerøye (Salvelinus fontinalis) er ein laksefisk nærskyld røya. Ho kjem opphavleg frå austlege Nord-Amerika, men er sett ut som sportsfisk mange andre stadar. I Noreg vart ho sett ut frå 1876 til 1920 og frå 1960-åra; særleg i forsura vassdrag sidan ho toler lågare pH-verdiar enn aure. Arten står på Norsk svarteliste 2007 og vert rekna som ein høgrisikoart; ho er nemleg ein mogleg vektor for ymse utanlandske parasittar.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Bekkerøya er mørk grøn til brun med marmorisering i lysare fargar på ryggen og ofte halen. Magen og finnane på undersida av fisken er raude, han har òg ein del raude prikkar. Raudfargen på magen vert kraftigare i gytetida, særleg hjå hannar.

Den største registrerte lengda på bekkerøye er 86 cm, og den største vekta 9,4 kg. Han kan nå ein alder på minst 7 år; kanskje det dobbelte i område kor han er innført.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Bekkerøya trivst i klart, kaldt vatn med mykje oksygen. I det naturlege utbreiingsområdet har det vorte observert ein tendens til å symje mot straumen tidleg på våren, om sommaren og seint på hausten; og nedover på seinvåren og hausten. Somme bestandar er anadrome til ein viss grad - dei vandrar ut i saltvatn, men forflyttar seg aldri meir enn nokre få kilometer frå elvemunningane. Dei blir verande på sjøen i opp til tre månadar.

Bekkerøya er ein rovfisk som et frå eit vidt spekter av organismar, m.a. makk, krepsdyr, insekt, blautdyr, fisk, amfibium og små pattedyr. Det har òg vorte funne planterestar i mageinnhaldet til nokre eksemplar.

Dei gyter over grusbotn. Kurtisen tek til med at hannen freistar å driva hoa mot ein passande gyteplass. Om ho er villig, vel ho ein plass og grev eit reir. Medan ho grev sym hannen rundt ho og freistar å stryka finnane sine mot ho, sjølv om han mesteparten av tida er oppteken med å jaga vekk andre hannar. Når reirholet er ferdig, legg paret seg ned i og slepp ut egg og mjølke. Når dei er ferdige med dette, dekker hoa egga med småstein ho feiar oppstrøms. Når dei er heilt dekt, sym ho opp mot straumen og tek til å grava ei ny gytegrop.

Egga klekker etter om lag 100 dagar ved 5 °C, saktare ved lågare temperatur.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]