Alphonse Eugène Beau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alphonse Beau de Rochas.

Alphonse Eugène Beau eller Beau de Rochas (9. april 181527. mars 1893) var ein fransk ingeniør, kjent for at han saman med Philippe Breton la den fyrste undersjøiske telegrafkabelen, for arbeid innan hydrografi, jarnvegar og termodynamikk.

Arbeidet til Beau innan termodynamikk førte til at han i 1862 fann opp og publiserte ei omfattande utgreiing av den termodynamiske syklusen som ligg til grunn for firetaktsmotoren, to år etter at Christian Reithmann og 17 år før Nikolaus August Otto fekk patent på han. Beau de Rochas-syklusen ligg til grunn for stempelmotorar med innvendig forbrenning som syg inn ei ferdig blanding av luft og drivstoff, som gassmotorar og forgassarmotorar. Truleg var ikkje Beau de Rochas kjent med patentet til Reithmann. I perioden 1883 til 1884 arbeidde han med rakettmotorar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]